Indias handels- og industriminister Anand Sharma heldt fast på retten til oppkjøp til matvarelager på dagens pressekonferanse, foto: Hildegunn Gjengedal.Timeglaset er i ferd med å renne ut for ministrane som prøver å bli samde om ein pakke på Bali. Heile natta vil dei ha møte i mindre grupper for å finne ei løysing. Størst merksemd får India, som kjempar for retten til å kjøpe matvarer frå bønder for å fylle opp matlager. Denne maten vil bli delt ut til fattige. Oppkjøpet strir imot WTO-regelverket fordi oppkjøpet ikkje skjer til marknadspris. India vil då bruke meir handelsforstyrrande gul støtte enn tillatt. Det ligg på bordet eit forslag om å gi India og andre u-land ein fredsklausul på fire år. Det vil seie at ingen land vil kunne gå til sak mot India i denne perioden for å bryte WTO-reglane. India meiner på si side at dei bør få bruke denne typen støtte fram til ei permanent løysing er funnen. Dei meiner det slår skeivt ut at den handelsforstyrrande gule støtta er rekna ut frå verdsmarknadprisen i 1986-1988.

Vil ikkje bli halden som gissel

- Eg vil ikkje forhandla fram noko som er i konflikt med matsikkerheit. Eg nektar å bli halden som gissel for 1980-talet, sa handels- og industriminister Anand Sharma i dagens pressekonferanse.

Fryktar å tape eksportmarknader

USA på si side fryktar å tape eksportmarknader som følgje av forslaget. Pakistan fryktar at matvarer frå Indias lager skal hamna på deira marknader, noko India på det sterkaste avviser.

Ingen konkrete reduksjonsplikter

Det blir samtidig forhandla om dei andre delane av Bali-pakken: Betre tilrettelegging for handel innan dagens tollsystem, reglar for tollkvoteadministrering og eksportstøtte. Ingen av desse inneber konkrete reduksjonsplikter. Eit sett med reglar for dei minst utvikla landa (MUL) er også forhandla fram. Det er venta at det meste av dette vil falle på plass om ein finn ei løysing på oppkjøp til matvarelager. Mange tolkar India som meir på gli mot ei løysing på dagens pressekonferanse enn i gårsdagens opningsinnlegg.