Imponert over norsk antibiotika-arbeid

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

Nestleiar Bjørn Gimming fortalde FN om norske bønders positive erfaringar i arbeidet med å få ned antibiotikabruken i norsk husdyrhald.

FN er imponert over norsk landbruks reduksjon av antiobiotikabruk. Det kom fram i Norges Bondelags side-arrangement til årets komité for matsikkerheit i Roma. Nestleiar Bjørn Gimming sa norske bønder er stolte over låg antibiotikabruk.

- Det var viktig for norske bønder å ha handa på rattet frå starten av. Nokre bønder var kritiske i starten fordi dette ville koste tid og pengar. Men det har vist seg at redusert antibiotikabruk har tent bonden godt. Vi har like god produktivitet og kan vere stolt over produkta vi leverer forbrukaren, sa Gimming under møtet som vart arrangert i samarbeid med FAO, World Farmers`Organisation, Landbruks- og matdepartementet og OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon).

Møtet hadde fokus på korleis antibiotikabruken i husdyrproduksjonen kan reduserast, og norsk landbruk vart brukt som døme.

Samarbeidet mellom næring og styresmakter sentralt

Synnøve Vatn frå Animalia presenterte det norske arbeidet for å få ned antibiotikabruken som starta på byrjinga av 90-talet. Ho viste korleis bruken av antibiotika vart redusert med 40% mellom 1995 og 2000, og framleis går nedover.

- Samarbeidet mellom næringa og styresmaktene har vore heilt sentralt for å få dette til, sa Vatn.

Ho viste også korleis Noreg saman med Island no brukar minst antibiotika i verda, og at resistensen også har gått kraftig ned. Det som er sentralt i det norske arbeidet, er å utrydde sjukdommar frå landet og hindre nye i å komme inn. Samtidig har breie avlsmål der også helse har ein sentral plass vore viktig.

- Friske dyr treng ikkje antibiotika, men sjuke dyr og menneske fortener antibiotika, sa Vatn.

Overføringsverdi til andre land?

Det var stor interesse for å høyre om det norske dømet og mange både i salen og panelet var imponert over korleis Noreg hadde fått ned bruken. Men enkelte stilte også spørsmålsteikn ved om dette arbeidet i rike Noreg hadde overføringsverdi til andre deler av verda, og særleg land i Sør.

- Vi starta dette arbeidet med å utrydde husdyrsjukdommar lenge før Noreg vart eit rikt land. Det dreier seg vel så mykje om å ha gode system og godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i verdikjeda enn pengar, slo Vatn fast. God oversikt over dyrepopulasjonen, langsiktig arbeid med dyrehelsa og nedslakting når sjukdom oppstår har vore viktig for å utrydde sjukdomar.

Bjørn Gimming peika også på at organisering og opplæring av bønder også har vore ein fordel. Eit sterkt importvern har også vore viktig.

- Importvernet har gitt oss handlingsrom til å gjennomføre nødvendige tiltak. Bonden har også sjølv valt å ikkje importere levande dyr, sa Gimming. Vatn understreka også kor viktig importvernet er å unngå spreiing av sjukdomar.

Amerikanske forbrukarar vil ha antibiotikafrie husdyr

I panelet sat også leiaren for Minnesota Farmers` Union, Gary Wertish. Han er også leiar for husdyrgruppa i World Farmers` Organisation, og WFOs politiske dokument om antibiotikabruk som vart lagt fram i vår.

- Tidlegare var amerikanske bønder lite medvitne om dei skadelege effektane av antibiotikabruk. No går bruken ned, og butikkane reklamerer med kjøt frå dyr som ikkje har fått antibiotika, sa Wertish.

FN har siste åra hatt eit sterkt fokus på å redusere antibiotikabruken både for dyr og menneske. Kvart år dør rundt 30 000 europearar på grunn av antibiotikaresistens.

Komiteen for matsikkerheit (CFS) møtest kvart år på hausten for å diskutere tiltak for å betre tilgangen på mat. Klimautfordringar og konflikt har bidratt til at tilgangen på mat igjen er redusert siste par åra. CFS er orgnanisert av FNs matorgan (FAO), IFAD (internasjonale fondet for landbruksutvikling) og Verdas matvareprogram (WFP).

Vil innføre «frikort» for permitterte

Våronna står for døren og det er et stort behov for arbeidskraft i landbruket. Nå foreslår Norges Bondelag å innføre et «frikort» slik at permitterte arbeidstakere motiveres til å søke jobb i næringa.

Forlenget oppholdstillatelse i grøntsektoren

Mange som allerede er i arbeid får nå fortsette å jobbe. – Et godt grep for å sikre nødvendig arbeidskraft i grønsektoren, sier leder i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.

Viktig seier for våre medlemmer

Bønder som ikke har fått registrert sine søknader om produksjonstilskudd i søknadsomgangene i 2019 vil nå få en ny sjanse. Landbruksdirektoratet endrer dispensasjonspraksisen.

Ukens podkast - korona spesial

Landet vårt er sterkt preget av situasjonen vi står i, samtidig skal vi i landbruket sørge for å holde hjulene i gang og produsere mat til befolkningen.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere