Då den raud-grøne regjeringa jobba fram eit lovforslag om god handelsskikk i verdikjeda for mat, var det m.a inspirert frå den britiske lovgjevinga. Lovforslaget er enno ikkje teke til Stortinget.

Etter å ha prøvd eit frivillig system i mange år, innførte Storbritannia i 2013 ei Lov om god handelsskikk (Grocery Code) og ein tilhøyrande valdgiftsdommar. Dommaren har ein liknande funksjon som ein ombudsmann. Ho tek imot anonyme klager og kan dømme bedrifter som bryt lova til å betale bøter. 10 daglegvarebedrifter er omfatta av lovgjevinga. Daglegvaregiganten Tesco er allereie dømt for å betale leverandørane for seint. Sjølv om det ikkje har vore mange saker så langt for domstolen, seier Tacon det viktigaste er den avskrekkande effekten.

- Vi har sett ei enorm endring i kulturen. Talet på leverandørar som opplever brot på Lov om god handelsskikk har gått ned frå 80% til 60% på to år, sa Tacon då ho heldt innlegg på eit seminar om den britiske verdikjeda for mat.

Tilsynet er lite og effektivt. Tacon sjølv jobbar på halv tid, og i staben er det ca 5 personar, nokon av dei også på deltid.

- Budsjettet på 800 000 pund har vi aldri brukt opp, seier Tacon.

Til hjelp for daglegvarebransjen

Ho har møte med daglegvarebedriftene ein for ein kvart kvartal. Tacon definerer mykje av jobben som konsultering, og opplever at daglegvarebransjen har nytte av lovgjevinga og jobben ho gjer.

- Vi har hjelpt dei med å bli meir effektive, seier Tacon. Ho har til dømes sett ei enorm endring i kulturen hjå Tesco. Ho opplever også ofte at ho får inn klager som ho tek opp med daglegvareaktøren som stoppar uheldig praksis før den er sett i verk.

Mellom dei største utfordringane er for sein betaling. Endring av kontrakt utan tilstrekkeleg varsel, betaling for hylleplassering, manglande betaling for varer som er bestilt og betaling for å halde på kontraktar er andre problem.

- Noko av dei verste døma er leverandørar som må betale for bord på veldedige middagar for halde på kontraktar, seier Tacon.

Diskuterer å inkludere andre deler av verdikjeden

Storbritannia er allereie inne i diskusjonar om å utvide regelverket til å gjelde større deler av verdikjeden. I dag gjeld den berre forholdet mellom leverandørane og dei ti største daglegvarekjedane. Bøndene vil gjerne at regelverket også skal gjelde dei. Nestleiaren i det britiske bondelaget, NFU, Minette Batters synest det er spesielt viktig å få på plass eit regelverk når Brexit vil auke presset på landbruket. Enkelte meiner også Brexit skal gi lågare matprisar.

- Eg synest det er heilt umoralsk å be om lågare prisar når vi berre brukar 12% av inntekta på mat, sa Batters.

Ho peikar også at bøndene no må samle kreftene og bli enno flinkare til å marknadsføre den britiske maten.

- Vi har dessverre ikkje sterke samvirke som t.d. i Noreg. Vi har heller ikkje marknadsregulering lenger. Bøndene våre må bli flinkare å samle seg og slik bli sterkare, sa Batters.

Bilete: Valdgiftsdommar Christine Tacon meiner Lov om god handelsskikk fungerer, og ber Noreg ikkje gi opp å få si eiga lov.