- Ikkje del jord og skog
- Ein gard treng både innmark og utmark. Det vil vere uheldig å oppheve konsesjonsplikten på skog, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.
Statsminister Erna Solberg varsla like før jul at regjeringa har innsett at dei ikkje har fleirtal for å fjerne konsesjonsloven, men at dei heller går inn for å gjere endringar i loven. Samtidig ligg priskontrollen til behandling i Næringskomiteen på Stortinget.
- Eg er glad for at regjeringa har tatt til fornuft og forstår at dei ikkje kan fjerne konsesjonsloven, men det er også viktig at loven ikkje blir uthult. Det vil skje dersom vi skil lovgivinga for omsetting og eigarskap av jord og skog, seier Per Skorge, og viser til utspel frå Norskog, der dei tar til orde for å unnta skogeigedom frå konsesjonsloven.
- Les også: Derfor er konsesjonsloven viktig
Oppstykka eigedommar dårleg for verdiskapinga
- Eit slikt skilje vil leggje til rette for å stykke opp eigedommane og redusere det lokale eigarskapet og den lokale verdiskapinga. Det vil lett bli slik at eigedommane blir delt opp ved sal for å ta ut ein høgast mogleg pris. Skilje av eigarskap av jord og skog vil hindre ein effektiv sambruk av ressursane i inn- og utmark. Svært ofte er det dei samla ressursane som gir grunnlag for arbeidsplassar og busetting, seier Skorge.
- Det er også slik at lokalbefolkninga i mindre grad vil få tilgang til jakt- og fiske, slik erfaringa er i til dømes Skottland. På sikt vil ein slik politikk gje eigarskap på få hender. Norges Bondelag ønskjer å ha skog- og jordeigarar som driv eigedommen sin sjølv, seier Per Skorge. – Det er også den beste garantien for framtidig verdiskaping og inntektsgrunnlag for garden og busetting i distrikta.
Seier nei til å spegelvende lova
Skogeierforbundet foreslår på si side å behalde konsesjonsloven, men å spegelvende lova. I dag er det slik at alt kjøp av landbrukseigedom i utgangspunktet krev konsesjon, med eksplisitte unntak. Skogeierforbundet meiner at det bør gjerast motsett, slik at det i utgangspunktet ikkje krevjast konsesjon, med unntak for eigedommar over ein viss størrelse.
- Ei slik endring vart vurdert i 2004 av både Landbruks- og matdepartementet og Justisdepartementet. Dei konkluderte beggemed at dette ville gje eit komplisert regelverk og tilrådde ikkje ei slik løysing. Skogeierforbundet sitt forslag vil også svekke moglegheitene for å styre arealbruken til beste for verdiskaping i distrikta, avsluttar Per Skorge.