Høyring om motorferdsel i utmark

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Bondelaget ønskjer å leggje til rette for næringsverksemd, men vil ha restriksjonar på rekreasjonskøyring i utmarka.

Finn Erlend Ødegård, seniorrådgiver i Norges Bondelag og leder Lars Petter Bartnes under dagens høyring i energi- og miljøkomiteen.

Norges Bondelag deltok i dag i høyring i Stortingets energi- og miljøkomite om endringar i lov om motorferdsel i utmark. Bondelaget la særleg vekt på næringskøyring i sitt fem minutt lange innlegg under høyringa.

Norges Bondelag er skuffa over at regjeringa i lovproposisjon ikkje foreslår endringar som forenklar bruk av motorferdsel i utmark i samband med næring for bønder og andre næringsutøvarar. I dag blir motorferdselloven oppfatta som ein flaskehals for landbrukseigedomar som driv aktivt jordbruk, skogbruk eller naturbasert reiseliv.

- Regelverket må ta omsyn til dei allsidige behova landbruket har når det gjeld bruk av utmarka i samband med næringsverksemd, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes under høyringa, og bad komiteen ta med dette inn i lovrevisjonen.

Restriksjonar på rekreasjonskøyring

Bartnes understreka at dette ikkje betyr at Bondelaget ønskjer frislepp av motorferdsel i utmark.

- Det er framleis nødvendig med ein restriktiv politikk og styring av rekreasjonskøyring i utmarka, sa Bartnes.

Norges Bondelag meiner lokaldemokratiet i kommunane er dei beste til å finne løysingar for å regulere snøscooterkøyring, og støttar derfor regjeringa sitt framlegg om å la kommunane styre dette. Fylkesmannen må ha eit godkjenningsansvar for kommunane sine snøscooterløyper for å sikre at kommunane sine samla scooterløyper ikkje trugar viktige samfunnsinteresser.

Grunneigarrettar

Regjeringa sitt forslag til ny motorferdsellov gir Statens naturoppsyn (SNO) ansvaret for å føre kontroll med at snøscooterkøyringa. Norges Bondelag føresett at SNO får tilført nødvendige ressursar til å føre tilstrekkeleg kontroll. Dersom det ikkje blir gitt auka ressursar til kontroll, fryktar Norges Bondelag at det kan etablere seg ein kultur der snøscooterkøyrarar tar seg til rette og køyrer over andre areal enn langs snøscooterløypene.

Det vil i mange kommunar bli press på enkelte grunneigarar om å tillate snøscooterløyper over eigedomane deira, slik at kommunane kan realisere dei scooterløypene dei ønskjer. Norges Bondelag påpeika overfor komiteen at det er viktig å sikre grunneigarane sine rettar til å motsetje seg løyper over eigedomen sin, allereie i planprosessen.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere