Lars Petter Bartnes framfor Stortinget ved eit tidlegare høve. Næringskomiteen på Stortinget gjennomført onsdag ei høyring om årets jordbruksavtale før denne blir behandla i Stortinget seinare i månaden. Først ute i høyringa var leiar i Norges Bondeag, Lars Petter Bartnes.

- Vi gjekk inn i forhandlingane for å styrke vilkåra for små og mellomstore bruk. Det var tøffe tak, men vi hadde ikkje
hatt ein jordbruksavtale om ikkje vi hadde fått gjennomslag på viktige punkt vi meiner bringer landbruket i riktig retning, sa Lars Petter Bartnes.

- Eg ber komiteen om å merke seg at landbrukspolitikken må bidra til auka inntektsutvikling i landbruket og betre fordeling mellom dei store og dei små og mellomstore brukar, dersom det skal vere samanheng mellom dei måla Stortinget har sett seg for norsk landbruk og den politikken som blir ført, sa Bartnes til Næringskomiteen.

Han viste til at Norges Bondelag gjennom årets jordbruksforhandlingar tatt i bruk særleg to verkemiddel for å få til ei inntektsutjamning, og det er driftstilskotet og tilskot til husdyr.

Åtvara mot endring av distribusjonstilskot

Bartnes var også innom regjeringa sitt forlag om å endre vilkåra for distribusjonstilskotet finansiert innafor prisutjamningsordninga på mjølk.

- Vi ser at regjeringa foreslår eit distribusjonstilskot finansiert innafor prisutjamningsordninga på inn til 100 millionar liter per aktør. I dag er det samla volumet på 100 millionar liter. Det er svært alvorleg om de gjennom denne stortingsbehandlinga opnar for ei grense på 100 millionar liter per aktør. Det vil gje moglegheiter for vertikal integrering for matvarekjedene, det vil svekke landbrukspolitikken innafor mjølkesektoren, og vi er avhengig av robuste ordninger som gjerdar inn mjølkemarknaden, sånn at heile landet er med i mjølkeproduksjonen, sa Lars Petter Bartnes under dagens høyring.

Framleis behov for investeringsmidlar

I årets jordbruksforhandlingar vart Norges Bondelag og staten einige om å flytte fristen for ombygging til lausdriftsfjøs i storfeproduksjon frå 2024 til 2034. Lars Petter Bartnes understreka at det framleis er behov for investeringsmidlar til nye driftsbygningar.

- Endringa av tidsfristen løyser ikkje heile utfordringa. Det er framleis betydelege utfordringar knytta til investeringane, og det er viktig å merke seg at det krevjast tunge investeringar for å sikre framtidig mjølkeproduksjon i heile landet. Investeringsbehovet er ikkje redusert, og det er viktig å målrette investeringstilskot til dei små og mellomstore bruka, sa Lars Petter Bartnes til Næringskomiteen.