Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Norges Bondelag og andre organisasjonar tilknytta jordbruket deltok onsdag på høyring om jordbruksavtale i næringskomiteen på Stortinget. Lars Petter Bartnes var til stades og gjorde greie for vurderingane som låg bak inngåinga av årets jordbrukstavtale.

- Vi har inngått ein jordbruksavtale med staten. Det er ei heilskapleg vurdering som ligg bak dette. Vi har fått gjennomslag på ein del viktige punkt, som auke i budsjettoverføringar, vi har unngått reduksjon i beitetilskot og distriktstilskot, og vi har fått auka kornprisen, sa Lars Petter Bartnes til komiteen under høyringa.

- Område der vi ikkje har fått gjennomslag i jordbruksavtalen er på fraktutjamning på pelsdyrfôr og det at det blir brukt 20 millionar kroner på utsiktsrydding.

Fokus på inntektsmoglegheiter

I høyringa snakka Bartnes også om kor viktig inntektsmoglegheitene til norske bønder er for å nå Stortinget sitt mål om auka norsk matproduksjon.

- Eg vil understreke at inntekt er eit viktig verkemiddel for å auke matproduksjonen, og det er viktig å komme lenger når det gjeld inntektsmoglegheiter i dei kommande jordbruksoppgjera, understreka Lars Petter Bartnes.

- Andre utfordringar er at ifjorårets oppgjer vart taket på produksjonstilskot fjerna, noko som førte til at  nokon få fekk mangedobla tilskota sine. Tilskota må bli målretta mot mindre og mellomstore bruk. Dei store bruka hentar meir av inntektene frå marknaden, sa Bartnes.

Jordvernstrategi utsett

Næringskomiteen bestemte onsdag at regjeringa sin jordvernstrategi ikkje skal bli behandla i Stortinget før til hausten. Stategien skulle opphaveleg bli behandla i lag med jordbruksoppgjeret no i juni.

- Vi er veldig godt fornøgd med at næringskomiteen legg opp eit løp med eiga behandling av jordvernstrategien. Det er viktig å ha ei særskild behandling av ei så viktig sak, sa Lars Petter Bartnes i høyringa.