137 driftsbygningar på norske gardsbruk vart skada i brann i 2017. Det er 30 prosent lågare enn det gjennomsnittlege talet på brannar dei fem åra før. Nivået på forsikringsutbetalingar er det lågaste på ti år.

Satsing gir resultat

- Vi har satsa tungt på forsterka el-kontroll med varmesøkande kamera, etter at vi i 2014 avdekka at to av tre branntilløp kjem av feil på det elektriske anlegget. No ser vi resultata av denne satsinga, seier styreleiar i Landbrukets brannvernkomité og rådgjevar i Norges Bondelag, Pål-Arne Oulie.

2500 bønder, dei fleste av dei husdyrbønder, har sidan 2014 gjennomført el-kontroll og utbetra brannfarlege avvik. No blir dette tilbodet utvida til også å gjelde bustadhus på garden.

Vil auke satsinga med el-kontroll for bustadhus

- Effektiv avdekking og utbetring av brannfarlege feil har hatt positiv effekt i driftsbygningar, men på same tid har talet på brannar i bustadhus på gardsbruk gått opp. I 2017 hadde driftsbygningar for første gong lågare utbetalingar for brannskader enn bustadhus på gardsbruk. Sidan elektriske feil er ein viktig årsak for bustadbrannar, vil det i 2018 bli satsa på el-kontroll med varmesøkande kamera også for bustadhus i landbruket, seier Oulie. 

Bondelaget held fram med å utbetale tilskot på 5000 kroner for el-kontroll med varmesøkande kamera i 2018.