Her er regjeringas tapte kampar
Etter at innstillinga til jordbruksmelding vart lagt fram i dag, har landbruksministeren skrytt av sigrane sine. Men ein gjennomgang av innstillinga viser at regjeringa får gjennomslag for svært få av forslaga sine.
I dag kom næringskomiteen endeleg med si innstilling til jordbruksmelding, og i innstillinga er dei fleste av regjeringa sine endringsforslag stoppa. Det er Norges Bondelag svært glad for. Fleire politikarar har i dag skrytt av kor store gjennomslag dei har fått for sine forslag i næringskomiteen. Blant dei er landbruksminister Jon Georg Dale. Men ein gjennomgang av den opphavelege meldinga og innstillinga frå næringskomiteen viser at regjeringa har gått på langt fleire nederlag enn kva dei har fått gjennomslag for i denne prosessen.
Dette er forslaga frå regjeringa som vart avvist av næringskomiteen:
At kostnadseffektiv matproduksjon skal vere hovudformålet med norsk matproduksjon
«Hovedformålet med jordbrukspolitikken skal være en kostnadseffektiv matproduksjon», heiter det i regjeringas forslag til jordbruksmelding.
Fleirtalet i næringskomiteen går derimot inn for at hovudformålet med jordbrukspolitikken skal vere å auke matproduksjonen med grunnlag i norske ressursar, og understreker at formålet med å auke matproduksjon er å auke sjølvforsyningsgraden, styrke beredskapen og dekke etterspørselen. Komiteen meiner også at arealressursen er den viktigaste ressursen i jordbruket.
For å sikre rekruttering og for å løfte inntektsmoglegheitene i næringa, meiner næringskomiteen at inntektsmålet skal vere å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. God marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsdanninga. Det er mykje meir presist enn regjeringa sitt forslag om å vidareføre inntektsmålet i jordbruket,.
Å avvikle fleire av marknadsordningane
I jordbruksmeldinga foreslår regjeringa å fjerne marknadsordningane for korn, geitemjølk, egg, eple og matpotet. Fleirtalet i næringskomiteen, minus representantane frå Høgre og FrP ønskjer at produsentsamvirka framleis skal stå for marknadsbalanseringa, og gir ikkje regjeringa medhald i desse forslaga.
Avvikling av avløysartilskot ved ferie og fritid
Regjeringa foreslo å avvikle avløysartilskotet ved ferie og fritid. Komiteen vil utvikle tilskotet slik at det i størst mogleg grad bidrar til føremålet som er ferie og fritid.
Avvikling av tidlegpensjonsordninga
Regjeringa ville også avvikle tidlegpensjonsordninga. Det fekk dei ingen andre parti med seg på.
Å redusere talet på mjølkekvoteregionar frå 18 til 10.
Regjeringaspartia greidde ikkje å få fleirtal for å redusere talet på mjølkekvoteregionar til 10. Dei har fått med seg støttepartia på ei inndeling i 14 regionar.
Å gje Landbruksdirektoratet ansvar for å administrere nødvendige tiltak i kornsektoren og eggsektoren.
Desse forslaga som svekkar målprissystemet og marknadsregulatoren, fekk heller ikkje fleirtal.
At det ikkje lenger skal vere eit talfesta mål for økologisk produksjon og forbruk
Regjeringa ville skrote det talfesta målet for økologisk produksjon i Noreg. Fleirtallet vil at regjeringas strategi for økologisk landbruk skal innehalde eit konkret mål for forbruk og produksjon av økologisk mat.