Illustrasjonsfoto: Audun HageskalI eit brev til Miljøverndepartementet, peikar Bondelaget på at med dei krava jordbruksnæringa møter til rasjonalsering og effektivitet, er det naudsynt at næringa får utvikla seg og ta i bruk nye hjelpemiddel.

Tolkar loven for strengt

-Styresmaktene tolkar motorferdselslova for strengt i høve og bruk av motorkjøretøy i jordbruksnæringa, skriv Bondelaget som vil møte departementet for å drøfta kva som er naudsynt transport i jordbruksnæringa i dag.

Det er Suldal kommune som har kontakta Norges Bondelag og reist spørsmålet om det er naudsynt å søkja løyve frå kommunen for å kunna henta sauer frå utmarksbeite med helikopter.

Dyrevelferd

I brevet til Miljøverndepartementet, peikar Bondelaget på at det i enkelte situasjonar kan vere naudsynt å henta sauer ned frå fjellet med helikopter, til dømes dyr som er skadde eller det har kome mykje snø. - Vidare kan det til dømes vere teneleg i samband med ettersanking, å flyga over større område og eventuelt ta med seg sauer eller setja av folk for at desse skal ta med dyra ned frå fjellet. I slike høve, er det uråd å søkja om konkret landingsstad på forehand, heiter det.

Tilsyn og transport

Bondelaget meiner vidare at bruk av ATV vil kunne letta arbeidet med tilsyn av sau på utmarksbeite, transport av saltstein og anna materiell og i samband med sanking. Vurderinga av om det kan vera naudsynt transport eter motorferdselslova å nytta terrengmotorsykkel i samband med sauesanking, er på si side 22 år gamal.

God og rasjonell jordbruksdrift

- Bruk av helikopter og ATV til person- og godstranport kan vera "nødvendig" for ei god og rasjonell jordbruksdrift og såleis også lovleg transport etter motorferdselsloven, skriv Bondelaget.