Heider til dyktige lokallag

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Bamble Bondelag

Alle fylkeslaga i Norges Bondelag kåra årets lokallag på sine fylkesårsmøte. No kjempar desse 18 laga om tittelen årets lokallag i Norges Bondelag.

Nord-Fron Bondelag vart kåra til Årets Lokallag i Oppland, og lokallagsleiar Marthe Dypdalen tok imot prisen. Lokallaget har eit høgt aktivitetsnivå, blant anna med eit årleg pedagogisk opplegg for 8. klassingane i kommunen og mykje politikarkontakt.

Øvre Eiker Bondelag vart kåra til årets lokallag i Buskerud for sin gode innsats gjennom fleire år. Leiar Per Olav Krekling tok imot prisen.

Råde Bondelag vart kåra til årets lokallag i Østfold. Dei kan skryte av å samarbeide godt, påverke kommunale prosessar, vere gode på store arrangement og jobbe godt opp mot pressa. Her er styret i lokallaget saman med Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Høgt aktivitetsnivå, svært god medlemsvekst og Åpen Gård var blant dei tinga Tasom gjorde at Tana Bondelag vart kåra til årets lokallag i Finnmark. Prisen vart delt ut av fylkesleiar Grete-Liv Olaussen.

Hedrum Bondelag vart kåra til årets lokallag i Vestfold. Her er Arne Martin Malerød og Karl Robert Bergan frå lokallaget omkransa av nestleiar i Vestfold Bondelag, Harald Lie og organisasjonssjef Elin Røed.

Lokallagsleiar i Åfjord og Roan Bondelag, Sigbjørn Gilde mottar blomster frå Lars Morten Rosmo. Lokallaget vart kåra til årets lokallag i Sør-Trøndelag etter eit år der dei blant anna har markert seg med å arrangere middagar for nye og unge bønder.

Anette Liseter og Bjørn Ståle Flore frå Namdalseid Bondelag mottok prisen for årets lokallag i Nord-Trøndelag. Det er eit aktivt lag som står på for eigne medlemmar og som samarbeider med andre lag og foreinigar i kommunen om ulike arrangement. Lokallaget hadde som mål å vinne denne prisen i år - og det gjorde dei.

Eidskog Bondelag fekk ros for å ha prioritert rekrutteringstiltak i mange år, då dei fekk prisen for årets lokallag i Hedmark. Tidlegare lokallagsleiar Hans Kristian Bakken mottok prisen frå fylkesleiar Erling Aas-Eng.

Ein av dei minste kommunane i Akershus har eit svært aktivt lokallag som synleggjer landbruket på ein god måte. Fet Jordbruksforeninga vart årets lokallag i Akershus, og lokallagsleiar Per Jacob Ølstad mottak det synlege beviset frå fylkesleiar Sigurd Enger.

Skjold Bondelag fekk prisen som årets lokallag i Rogaland. Dei fekk prisen frå dåverande fylkesleiar Ola Andreas Byrkjedal.

Arendal Bondelag vart kåra til årets lokallag i Aust-Agder. Her representert ved lokallagsleiar Eli-Monica Aune Olimstad og nestleiar Roy Vidar Svensen.

Lars Johan Flatebø, Inger Karin Selland og Torbjørn Grønstad

Styret i Hordaland Bondelag meiner Etne Bondelag framstiller landbruket på ein god og positiv måte og har gode tilbod for medlemene, og Etne Bondelag vart derfor kåra til årets lokallag i Hordaland. Her representert ved fleire av styremedlemmane.

Averøy Bondelag vart kåra til aktivt lokallag i Møre og Romsdal, og mottok det synlege beviset på det frå fylkesleiar Oddvar Mikkelsen og Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

I Vest-Agder vart prisen delt i år, mellom Vennesla Bondelag og Sirdal Bondelag. På bildet: Åge Gyland, nestleiar i Vest-Agder Bondelag, Åse Bente Sinnes, leiar i Sirdal Bondelag, Alv Vinjerui, leiar i Vennesla Bondelag, Tor Erik Leland, leiar i Vest-Agder Bondelag.

Bamble Bondelag vart kåra til årets lokallag i Telemark for fjerde år på rad! Frå venstre: Aslak Snarteland (Fylkesleiar Telemark Bondelag), Einar Frogner (styremedlem Norges Bondelag), Vegard Tangvald, Erik Dahl, Jannicke H Stokke (Bamble Bondelag) og Jan Thorsen (org.sjef Telemark Bondelag).

- Det er flott med lag som jobbar målretta med medlemsverving, slik Naustdal har gjort det siste halve året, seier fylkesleiar Anders Felde. Målretta arbeid med medlemsverving vart "tunga på vektskåla" når årets lokallag i 2016 i Sogn og Fjordane skulle bli kåra.

Grytøy Bondelag mottok prisen for årets lokallag i Troms under fylkesårsmøtet i mars.

Leiar i Leirfjord Bondelag, Anders Svarstad tar imot prisen for årets lokallag i Nordland frå Robin Sjøgård og Tove Mosti Berg. Lokallaget har hatt stor medlemsvekst og mykje aktivitet i 2016, både lokalt og i fylkeslaget.

Landbrukspodden

Har du sjekka ut Landbrukspodden?

Har du lyst på litt landbrukspåfyll mens du ligger på stranda eller sitter på traktoren i sommer? Landbrukspodden er en podcast for deg som er interessert i landbruk, politikk og samfunn, produsert av Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bondelag.

Illustrasjonsbilde landskap

Trenger du noen å snakke med?

Tørken og fôrkrisa gir hodebry og bekymringer for mange bønder. Norsk Landbruksrådgivning har rådgivere du kan ta kontakt med dersom bekymringene blir store og du trenger noen å snakke med.

Bartnes og Furuberg

Samordner arbeidet med tørke og fôrkrise

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i dag blitt enige om å lage en felles kriseorganisering av arbeidet med tørke og fôrmangel, for å få en enda bedre kontakt med medlemmer og myndigheter.

Rundballing på Mustadseter

Viktig informasjon ved import av fôr

Fredag 13. juli åpnes det for tollfri import av høy og halm. Men import av fôr er ikke risikofritt, og og Mattilsynet er bekymra for smitte som kan følge med innførsel av grovfôr.

oppmøte kalnes

Møttes for å diskutere fôrsituasjonen

Flere hundre bønder var til stede på de første informasjonsmøtene Bondelaget og samvirkeorganisasjonene arrangererte i går. Det er planlagt flere møter utover uka.

Tørr åker

Beholder korntilskudd

Nå er høyeste prioritet for bønder i tørkeutsatte områder å sikre nok fôr til dyra. Da kan det komme godt med at LMD klargjør at korn som ikke treskes, men slås til grønnfôr vil beholde arealtilskudd som for korn.

Tesco

Britisk lov om god handelsskikk fungerer

Fem år etter oppstart kan det britiske handelsombodet konstatere at leverandørane klagar mindre og daglegvarekjedane opplever at forholdet til leverandørane har betra seg.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek
Tirsdag
14
August

Den store landbruksduellen!

Lille andevinge, Arendal
Onsdag
15
August

Bondepub!

Barrique øl- og vinstue, Arendal

Våre samarbeidspartnere