Snåsa Bondelag mottok prisen som årets lokallag i Nord-Trøndelag, frå venstre tidlegare leiar og æresmedlem Edmund Fossum, Siv Merethe Gederaas Belbo, Tom Erik Saur, Tor J. Skaget og Kåre Eggen.

Norges Bondelag har over 500 lokallag som gjer ein svært viktig jobb i organisasjonen. Lokallaga arrangerer sosiale og faglege aktivitetar for medlemmane, vervar nye medlemmar, har kontakt med lokale politikarar og følgjer opp lokale politiske saker, aksjonerer, besøker skolar, arrangerer Open Gard. Og mykje meir.

Kvart fylkesbondelag har kåra årets lokallag i sitt fylke i samband med fylkesårsmøta denne våren. Eitt av desse fylkeslaga vil bli kåra til årets lokallag i Norges Bondelag under årsmøtet i juni.

Snåsa Bondelag på bildet over vart kåra til årets lokallag i Nord-Trøndelag.

- Bondelaget på Snåsa har vore ein motor i bygda, og den rolla dei har tatt er heilt spesiell. De har starta til dømes oksering og frørenseri - og tent pengar på det, sa fylkesleiar Asbjørn Helland då han delte ut heideren.

  • Les meir: Snåsa Bondelag årets lokallag

Rauma Bondelag vart kåra til Aktivt lokallag i Møre og Romsda. Her er leiar Anders Øverbø og nestleiar Stig Brøste flankert av  fylkesleiar Inge Martin Kalsvik og generalsekretær Per Skorge.

Rauma Bondelag vart kåra til Aktivt lokallag i Møre og Romsdal. Dei har hatt stor aktivitet gjennom mange år og tatt initiativ til tiltak i kommunen. Laget har gjennom fleire år vore dyktige på medlemsverving, dei har mange og gode medlemsaktivitetar og er ofte i media med utspel og kommentarar.

Bergen Bondelag er årets lokallag 2014 i Hordaland.

Bergen Bondelag vart kåra til årets lokallag under fylkesårsmøtet i Hordaland. Bodhild Fjelltveit og Jon Henning Gjerde tok imot heideren. - Styret har i år valt ut eit lokallag som har hatt høg og variert aktivitet i mange år. Heile styret deltar i organisasjonsarbeidet, og også andre medlemmar stiller opp på arrangement. Bergen Bondelag samarbeider breitt og er representert i fleire råd og utval, heiter det i grunngjevinga frå styret i Hordaland Bondelag.

Time Bondelag får prisen som årets lokallag 2014 i Rogaland. Time Bondelag vart kåra til årets lokallag i Rogaland.

Lokallaget har arrangert og deltatt på mange ulike møte og konferansar. Politikk har vore ein viktig del av arbeidet og dei har sendt ut ulike skriv og uttalar til høyringar. Dei stod mellom anna i spissen i jordvernaksjonen på Frøyland

Amund Dønnum, leiar i Eidsvoll Landbruksforening mottar gratulasjonar frå Akershus Bondelag v/styremedlem Anne-Kristin Rolstad.

Eidsvoll Landbruksforening er årets lokallag i Akershus.

- Eidsvoll Landbruksforening er dyktige på å arrangere studeringer, temakvelder og sosiale arrangementer for medlemmene. Under fjorårets brudd i jordbruksforhandlingene gjennomførte de spontane aksjoner og troppet bl.a. opp i kommunestyret for å spre informasjon om bruddet, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.

  • Les meir: Kåret til årets lokallag

Ein stolt og glad lokallagsleiar, Laila Iren Veie, tar i mot prisen som årets lokallag på vegne av Bjugn Bondelag.

Bjugn Bondelag vart kåra til årets lokallag i Sør-Trøndelag på grunn av stor aktivitet i 2014. Fagmøte, Landbruksspillet, familiedag, Quiz-kveld, julebord, aktiv Facebook-side, synlege aksjoner, medlemsverving og deltaking på bygdadagar er noko av aktiviteten Bjugn Bondelag har hatt i året som gjekk.

Guri Grimsgård og Geir Lohn i Alvdal Bondelag mottar prisen for årets lokallag av Einar Myki.

Alvdal Bondelag er årets lokallag i Hedmark.

- På vinteren har dei faste bondekafear med innlagte fagtema, og dei har bondetrim kvar veke frå nyttår til påske. Dei har jobba aktivt mot kommunen i kommunedelplanar og i reguleringsplanar med vekt på jordvern. Dei organiserer innsamling av jernskrot og representerer laget der det skal representerast, sa fylkesleiar Einar Myki då han delte ut prisen. Han framheva også det enorme engasjementet til lokallagsleiar Geir Lohn.

  • Les meir: Alvdal Bondelag er årets lokallag

Representantar frå Fjaler og Hyllestad Bondelag mottok prisen for årets lokallag i Sogn og Fjordane.

Fjaler og Hyllestad Bondelag er årets lokallag i Sogn og Fjordane. I grunngjevinga heiter det at laget har positiv medlemsutvikling, jamn og god aktivitet gjennom heile året. styret i laget arbeider grundig og godt for medlemmane sine, og tar mange initiativ. Laget er godt synlege med eiga Facebook-side som blir oppdatert ofte, og laget er alltid representert på fylkesdekkande arrangement.

Fylkesleiar Egil Chr Hoen deler ut prisen for årets lokallag til  Håkon Haug Laa i Ål Bondelag.

Ål Bondelag er årets lokallag i Buskerud. Dei fekk prisen for gjennom heile arbeidsåret å ha hatt god aktivitet på mange område, og for å ha hatt medlemsauka.

Ein glad gjeng frå bondelaga i Fredrikstad: Espen Sommerfelt frå Onsøy og leiar av fellesutvalet, Arne Fuglevig frå Kråkerøy, Knut Espen Hystad frå Borge, Sverre Hjørnerød frå Glemmen, Gustav Thorsø Mohr og Lise Thorsø Mohr begge frå Torsnes Bondelag.

- Årets vinnar kan skryte av å samarbeide godt, påverke kommunale prosessar bra, vere eksepsjonelt gode på store arrangement og "komme på" med saker i lokalpressa, sa leiar i Østfold Bondelag, Martha Mjølnerød, då ho delte ut prisen for årets lokallag i Østfold til bondelaga i Fredrikstad.

- Kvar for seg er lokallaga kanskje små, men saman utrettar dei mykje.

Nestleiar i Vestfold Bondelag, Harald Lie overrekte prisen til representantane frå Tjølling Bondelag, lokallagsleiar Karine Huseby og styremedlem Bjarne Saga. Til venstre organisasjonssjef Elin Røed.

Tjølling Bondelag er årets lokallag i Vestfold. Dei får prisen for det høge aktivitetsnivået og ei veldig positiv medlemsutvikling i 2014.

Lokallagsleiar i Iveland Bondelag, John Øina, tok i mot heidersteiknet for beste lokallag i Aust-Agder i 2014. Sirdal Bondelag vart kåra til beste lokallag i Vest-Agder.

Utsendingane frå Sel og Vågå Bondelag på årsmøtet i Oppland Bondelag

Sel, Vågå og Heidal Bondelag vart slått saman til Sel og Vågå Bondelag i 2012. Under årsmøtet i Oppland Bondelag vart dei kåra til årets lokallag for stor aktivitet og medlemsvekst. Dei vart også tildelt prisen årets lokallag i Oppland i fjor, og er med dette det første laget i Oppland som har fått prisen to år på rad.

I Finnmark vart prisen for årets lokallag delt mellom Alta Bondelag og Tana Bondelag.  Begge lokallaga har hatt medlemsvekst, god medlemsaktivitet, arrangert Open gard og drive politisk arbeid i 2014.

Grytøy Bondelag er årets lokallag i Troms.

Telemark Bondelag har nominert Bamble Bondelag til årets lokallag i Norges Bondelag. Dei har eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement for medlemmar og ikkje-medlemma og bidrar aktivt i lokalsamfunnet. Dei har jamnlege møte med den politiske leiinga i kommunen, og er ein stor ressurs for Telemark Bondelag.

Nordland Bondelag gjennomfører årsmøtet sitt i midten av april.