Heder og ære på årsmøtet
Under årsmøtemiddagen vart det delt ut prisar til årets lokallag, God bonde-prisen og ikkje minst eit nytt æresmedlem!
I denne saka kan du lese om:
Gjesdal Bondelag er årets lokallag!

Å verte årets lokallag i Noregs Bondelag er ein stor prestasjon. Bondelaget har nær 500 lokallag som arrangerer medlemsmøte, jobbar politisk og skapar møtestadar for folk og fe over heile Norge. Dette er viktig arbeid som Bondelaget er stolt av.
I knallhard konkurranse med mellom anna Sarpsborg Bondelag og Vikøy og Øystese Bondelag, gjekk Gjesdal Bondelag i Rogaland av med sigeren.
– Dette er ein stor dag for heile bygda! Eg er nesten sprekkferdig av stolthet over den æra det er å motta nasjonal annerkjenning for det solide arbeidet den gode gjengen vår i styret har lagt ned. Det er ikkje kvar dag ein vert «norgesmeister», så dette skal me sole oss i glansen av ei god stund, seier ein stolt lokallagsleiar Ernst Georg Bollestad.
Styreleiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, fortalte om eit lokallag med mange aktivitetar for medlemmer, som var synlege i lokalmiljøet, aktiv i det politiske arbeidet og hadde fokus på å verve medlemmer. Me siterer frå talen til Gimming:
– Dei har hatt ein imponerande aktivitet, både i Bondelagets regi, men også utad for å bidra til opplysning om landbrukets viktige rolle i samfunnet.
Dobbel vinnar av God bonde-prisen
God Bonde-prisen blir delt ut av Norges Bondelag og Landkreditt til bønder som gjer ein særleg innsats for helse, miljø og tryggleik, og for psykisk helse i landbruket. I år har juryen valt å doble prisen, og dele han ut til to vinnare som har utmerka seg, nemleg: Kristin Syverstad og Silje og Bjørn Ståle Bekkeheien.
Får pris for å byggje samhald på Jæren

På garden til Bjørn Ståle og Silje Bekkenheien er det alltid plass til ein kopp kaffi, ein god prat og folk som treng eit fellesskap. No får ekteparet frå Hå i Rogaland God Bonde-prisen 2025 for å skape stoltheit, samhald og gode møteplassar for bønder.
Bekkeheien blir heidra for godt HMS-arbeid på eigen gard, men også for noko som betyr mykje for mange i landbruket: å samle folk, skape rom for samtalar og byggje eit miljø der bønder kjenner seg sett.
Jurymedlem og leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, seier prisvinnarane er viktige førebilete.
– Bjørn Ståle og Silje viser kva godt naboskap og ekte engasjement kan bety i landbruket. Dei skaper stoltheit, samhald og møteplassar som gjer kvardagen betre for folk rundt seg. Dei ser menneska bak drifta, og dei tek ansvar på ein måte som fortener stor respekt, seier Gimming.
Då dei bygde nytt fjøs, var dei opptekne av at det skulle vere rom for meir enn drift og arbeid. Det skulle også vere plass til folk, kaffi og ein god drøs, slik det heiter på Jæren.
Kvar laurdag samlast bønder frå nærområdet på garden. Det går store mengder kaffi, og praten går om både stort og smått.
– Det er stinn brakke på kontoret kvar laurdag. Det er ikkje så avansert, men praten går, og vi får snakka om det som opptek oss. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, seier Bjørn Ståle Bekkenheien.
– Dette er eit prosjekt vi er saman om. Bjørn Ståle elskar å prate med folk, eg og, og så tek eg meg av mykje av organiseringa. Vi er veldig glade i folk, vi to, seier Silje.
Anne Kristin Syverstad: Eit førebilete for andre

Anne Kristin Syverstad er ein føregangsbonde i svinenæringa og får prisen for det gode arbeidet ho gjer for å skape fellesskap, tryggleik og tru på næringa.
– Dette er stort, tusen takk til dei som har nominert meg. Jeg vil dele prisen med lokallaget mitt, for vi har jobbet sammen om å ta vare på bønder og lokalsamfunnet vårt, sa Anne Kristin Syverstad då ho tok imot prisen.
– Ho representerer det beste av norsk landbruk og står fram som eit tydeleg og inspirerande førebilete for både kollegaer og komande generasjonar, seier bondelagsleiar og jurymedlem Bjørn Gimming.
Syverstad er lokallagsleiar i Bondelaget sitt største lokallag, Rakkestad og Degernes Bondelag. Gjennom sosiale medium delar dei frå kvardagen på garden, viser fram folka i landbruket og løfter fram kvifor næringa er noko å vere stolt av. Laget har mål om å ha mykje aktivitet, gjerne i samarbeid med andre. Som Anne Kristin seier: – Samarbeid er dobbelt så moro, og halvparten så dyrt!
Det skjer alltid mykje rundt Kristin: – Eg er ein iverksetjar, og tek på meg oppgåver og verv utan at eg tenkjer på at det betyr ein del jobb, seier ho.
For Anne Kristin betyr samhaldet i Bondelaget mykje: – Viss nokon bryr seg om deg, er det større sjanse for at det går bra. Du får ein positiv spiral. Anne Kristin er kjend for å bry seg om folk og ta godt imot nye bønder i laget: – Det er eit privilegium at vi har så mange unge bønder. Eg blir glad når eg møter dei, og har stor tru på framtida for landbruket, seier ho.
Fakta om God Bonde-prisen
- God Bonde-prisen blir delt ut av Norges Bondelag og Landkreditt.
- Prisen går til bønder som gjer ein særleg innsats for helse, miljø og tryggleik, og for psykisk helse i landbruket.
- Prisen skal løfte fram bønder som tek ansvar utover eigen gard.
- I 2025 blir prisen delt mellom to gardsbruk. Kvar av dei får 25 000 kroner.
Æresmedlem Nils T. Bjørke

Norges Bondelag har ein stolt tradisjon for å løfte fram personar som har gjort ein heilt spesiell innsats for organisasjonen og for norsk landbruk. Æresmedlemskap er den høgaste utmerkinga i organisasjonen. Ho blir delt ut sjeldan – og berre til dei som verkeleg har sett spor etter seg.
– Du har gjennom eit heilt liv vist eit uvanleg sterkt engasjement for bøndene, bygdene og det norske landbruket. Du starta tidleg – i 4H, i bygdeungdomslaget – og viste alt då det som skulle bli eit tydeleg kjenneteikn gjennom heile virket ditt: viljen til å ta ansvar og evna til å samle folk rundt deg, sa Bjørn Gimming under utnemninga. Nils T. Bjørke har vore leiar i Voss Bondelag, i Hordaland Bondelag og i Noregs Bondelag frå 2009 til 2014, og tok med seg landbrukets stemme inn på Stortinget, der han sat i åtte år.
– Nils, vi tenkjer på deg som ein stødig og bunnsolid bonde som har via mykje av livet ditt til ei gjerning for landbruket og Bygde-Noreg. Med kunnskap, klokskap og autoritet har du, med klubba i handa – anten det har vore i Bygdeungdomslaget, Bondelaget eller på Stortinget – stått i front for interessene og verdiane våre. Innsatsen din har vore langvarig, heilskapleg og av stor betydning – både for Norges Bondelag som organisasjon og for norsk landbruk som næring og samfunnsberar, sa Bjørn Gimming og takka for det han har gjort, og framleis gjer, for norsk landbruk.