På konferansen framgjekk det også at Sverige har høg konsentrasjon og for lite nyetableringar trass i manglande importvern til andre EU-land.

Etter at Konkurransetilsynet (KT) i vår la fram fyrste del av ei marginstudie om daglegvaresektoren har fleire daglegvarekjeder uttalt til media at dei er frikjende i diskusjonen om kven som er skuld i høgare matvareprisar. Men på KTs daglegvarekonferanse denne veka sa KT at resultatet ikkje kunne tolkast slik. For sjølv om marginane ikkje er så høge kan ein ha høg profitt med store volum. Dei peikar også på at det er høg lønsemd blant leverandørane, men at skilnadene er store.

- Det er mykje å tene på å lage og selje daglegvarer, konkluderer nestleiar i KTs avdelinga for mat, handel og helse, Magnus Friis Reitan. I marginstudien viser KT at det er lite forbigåande «griskflasjon», men at lønsemda jamt over er høgare enn ein kunne venta i ein marknad med hard konkurranse. Studien ser på bruttomarginar, driftsmarginar og avkasting av kapital for perioden 2017-2022. KT meiner dette resultatet er konsistent med svak konkurranse og betydeleg etableringshinder i deler av den norske daglegvaremarknaden.

Dette var berre fyrste del av oppdraget KT har fått om å gjennomføre marginstudiar. I haust kjem del to som ser på marginar på enkeltprodukt heile vegen gjennom verdikjeda. På spørsmål frå salen sa KT at primærleddet ikkje er med i studien.

Også sterk konsentrasjon i Sverige

Den svenske konkurransedirektøren deltok også på konferansen i Oslo. Han påpeika at dei i Sverige har mange av dei same utfordringane som i Noreg: - Det er mange likskapar, til dømes på vertikal integrasjon og sterk konsentrasjon, sa Rikard Jermsten i svenske Konkurranseverket. Han peikar samtidig på at dei også hadde for dårleg konkurranse på landbruksprodukt, trass i ulikskap i importvern og landbrukspolitikk.

Ein fersk studie frå svenske Konkurrensverket konkluderer med at det er manglande konkurranse, noko som fører til at forbrukar betalar meir enn nødvendig for mange varer. Dei forklarer det mellom anna med få aktørar i både butikkleddet og i foredlingsindustrien. Tilgang på butikklokale, avtalevilkår og innlåsing i lange avtaler er også ei utfordring i den svenske marknaden, ifølgje Konkurranseverket. – Konkurransen fungerer ikkje. Det er m.a. lange avtaleperiodar, det er vanskeleg å etablere seg og forbrukaren betalar for mykje. Vi har hatt auka prisar som i Noreg, sa Jermsten. Han fortalde også at den store politiske debatten og daglegvaremarknaden fyrst hadde starta for fullt i Sverige etter den store prisauken i 2021.  – Vi har mykje å lære av kvarandre. Problema er mykje det same, sa Jermsten. Men prisjegrar har dei ikkje, sjølv om daglegvareaktørane finn andre måtar å hente inn konkurrentane sine prisar på.

Prisjeger-ordninga kan gi høgare prisar

Priseger-saka frå onsdag var naturlegvis også eit tema på konferansen. Onsdag annonserte KT at dei ville ilgegge Coop, Norgesgruppen og Rema bøter på til saman 4,9 mrd kroner for brot på konkurranselova fordi dei har samarbeida om å gi tilgang til prisjegrar i sine butikkar. Dette meiner KT har auka informasjonen om pris mellom kjedane utan at forbrukar har blitt betre informert om prisane. Samarbeidet har difor skada konkurransen i daglegvaremarknaden. – Dårleg konkurranse betyr normalt høgare prisar for forbrukar, sa konkurransedirektør Tina Søreide.

Det ulovlege samarbeidet varte frå 2011 og i alle fall fram til KTs bevissikring starta i 2018. KT meiner at kjedane på denne måten forventa at konkurrentane ville følgje prisendringane raskt og at det dermed vart meir attraktivt for kjedane å auke prisen, samtidig som det vart mindre attraktivt å redusere prisane. Alle daglegvarekjedane har anka vedtaket frå KT.

Utfordring for små aktørar

På konferansen fekk vi også innblikk i korleis det er å vere ein liten aktør i daglegvaremarknaden. Mellom anna fortalde Bondens marknad om utfordring for små produsentar med konkurransen med EMV og innlåsing i ei butikkjede: - Vi er ein del av kjedane sin differensieringsstrategi og slepp gjerne berre inn i ei kjede. Vi fyller hol i kategoriane for EMV og risikerer så å bli utkonkurrert av premium-EMV. Vi har ikkje fritt val av distributør, og det er ikkje ope kva ein må betale for distribusjonen, og risikoen ligg på lokalmatprodusenten. Vi treng fleire verktøy, sa dagleg leiar Randi Ledaal Gjertsen i Bondens marknad.

Statssekretær Vegard Grøslie Wennesland i Nærings- og fiskeridepartementet deltok også på konferansen. Han sa regjeringa framleis jobbar med 10-punktslista si, men også er opne for nye tiltak. På lista over tiltak framover no er både å regulere prisdiskriminering, setje krav i forhandlingane (mellom leverandør og butikk) og den tidlegare nemnde marginstudien. På spørsmål sa han også at dei skulle ta omsyn både til importvern og landbrukspolitikk og konkurransen.