Har forhandla heile natta
Framleis uavklart i jordbruksforhandlingane.
Fredag 13. mai er fristen for å få ei avklaring i årets jordbruksforhandlingar, og det er framleis uavklart kva som blir utfallet av forhandlingane.
Bondeorganisasjonane har jobba kontinuerleg gjennom heile natta og forhandla med staten for å få ei avklaring i årets jordbruksoppgjer. Det er fjerde dagen med reelle forhandlingar mellom bondeorganisasjonane og staten om ein jordbruksavtale for 2017.
- Les også: - Kritisk fase av forhandlingane
- Les også: Jordbruket starter forhandlinger
Fredag 6. mai, etter grundig gjennomgang av tilbodet varsla bondeorganisasjonane at dei ville møte staten til forhandlingar.
- Vi går inn i dette med klare forventningar om at regjeringa viser betydeleg forhandlingsvilje. Forhandlingsvilje er heilt avgjerande for å møte jordbrukets krav, og for å komme fram til ein jordbruksavtale, sa Lars Petter Bartnes då.
Helga og måndag vart brukt til prosedyregjennomgang. No pågår forhandlingane, som skal vere avslutta i dag, fredag 13. mai.
- Les også: Kva er jordbruksoppgjeret?
- Les også: Alt om jordbruksoppgjeret 2016