Marit Berger Røsland vart i dag oppnemnd til ny EØS- og EU-minister etter Frank Bakke-Jensen.  EØS- og EU-ministeren har ansvaret for EØS-saker og forholdet til EU. Ho har dermed også ansvar for å regulere importen av landbruksvarer frå EU.

- Det er viktig at Røsland er ein statsråd som står opp for Noreg sine interesser i EU, og sikrar at norsk næringsliv lukkast.  Denne regjeringa har allereie gitt bort store marknadsmoglegheiter for norsk landbruk og matindustri i forhandlingar med EU, og vi har ikkje meir å gje, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

Importvernet svært viktig

Han viser til artikkel 19-forhandlingane, som er forhandlingane mellom EU og Noreg om handel med landbruksprodukt. Desse vart avslutta i vår, og auken som vart gitt i ostekvoten til EU då, tilsvarer produksjonen på rundt 70 gjennomsnittlege mjølkebruk. I tillegg vart kvoten på import av storfekjøtt tredobla.

- Importvernet er eit av dei viktigaste politiske verktøya for å ha matproduksjon i heile Noreg. Importvernet sikrar at vi har ein marknad for norske landbruksprodukt, ved å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda, seier Skorge.

Viktig for bonde, forbrukar og arbeidstakar

- Det er viktig for heile det norske samfunnet å ha eit sterkt importvern, ikkje berre for landbruket og Noregs største fastlandsindustri, næringsmiddelindustrien. Landbruket er den viktigaste bidragsytaren til bosetting og sysselsetting i distrikts-Noreg, og utan eit sterkt importvern, svekkast denne næringa kraftig. Importvernet sikrar også forbrukaren eit mangfald av norske varer i butikken.

Han ønskjer Marit Berger Røsland til lukke med den nye jobben.

- Ho har fått ei svært viktig ansvar. Eg håpar Norges Bondelag og resten av næringa får eit godt samarbeid med den nye EU-ministeren, avsluttar Per Skorge.