- Handelsreglar må ikkje undergrave nasjonal matproduksjon

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

- WTO og andre handelsavtaler må ikkje undergrave kvart lands rett til å produsere mat for sitt eige folk. Det sa nestleiar Kristin Ianssen i Norges Bondelag då ho deltok i eit panel i WTOs offentlege forum

WTO-panel f.v. Piet Vantemsche, europeisk representant i WFO, William Rollerston (New Zealand), Kristin Ianssen, Beat Röösli (Sveits), Evelyn Nguleka (president WFO), og David Wiens (Canada)

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) opnar ein gong i året dørene i Genève for organisasjonar og bedrifter og arrangerer ulike møte. Kristin Ianssen deltok i eit panel om kvar landbruket står etter 20 år med WTO-avtale. Ho viste til at importen av landbruksvarer til Noreg har gått kraftig opp etter år 2000, og at vi er heilt avhengig av støtte og tollvern. 

-  Handelsreglar må tillate støtte og toll som er nødvendig for å produsere for eigne forbrukarar. Vi har ingen bønder å miste viss vi skal produsere nok mat i verda i framtida, sa Ianssen.

Canada nøgd med marknadsregulering

Paneldebatten var arrangert av World Farmers Organisation (WFO) og det sveitsiske bondelaget. Debattdeltakaren frå New Zealand, Canada, Belgia, og leiar av WFO, Evelyn Nguleka frå Zambia hadde ulike syn på handel. Medan presidenten for bondelaget på New Zealand var mest oppteken av god marknadstilgang for 85% av mjølkeproduksjonen som vart eksportert, framheva nestleiaren for dei canadiske mjølkeprodusentane fordelen med marknadsregulering og behovet for tollvern.

- Canadisk mjølkeproduksjon er basert på tre pilarar: Prismekanisme, importkontroll og marknadsregulering. EU har overproduksjon og eksporten kan øydelegge marknaden i andre land. Då er det betre å regulere marknaden som vi gjer, sa canadiske David Wiens. 

President Evelyn Nguleka i WFO framheva at WTO måtte hjelpe kvart land med å bygge opp ein nasjonal politikk som gir bøndene levelege vilkår. I seinare debattar framheva ho at handelen kan vere ein viktig reiskap for bønder og eit lands matsikkerheit, men at den lokale produksjonen er viktigast.
- Det som kan produserast lokalt, skal produserast lokalt. Handelen skal så fylle behovet ut over dette, sa Nguleka.

Kanskje miniavtale i desember

I desember møtes medlemslanda i WTO til ministermøte i Nairobi, Kenya. Ambisjonsnivået for kva ein kan oppnå på møtet er blitt stadig redusert. Det mest realistiske resultatet no er ein pakke som omhandlar eksportstøtte, betre vilkår for dei minst utvikla landa og meir openheit. Men det er ikkje sikkert at ein klarer å bli samde om dette.

Det har vore mange opp- og nedturar for WTO sidan denne forhandlingsrunda starta i Doha i 2001.  I 2008 var ein nær ei avtale med forslag til redusjon av tollvern og støtte klar på bordet. Etter at det til slutt ikkje vart semje om desse forslaga, har forhandlingane nær stått stille i mange år. På sist ministermøtet på Bali i 2013 vart ein også samde om ein minipakke, men utan plikter om redusert støtte og toll. Enkelte land truar no med å gi opp heile Doha-runda om ein ikkje klarer å få til ei avtale i Nairobi.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere