Ombodsordninga i Storbritannia vart oppretta i 2013 og har vore ein stor suksess. Ordninga har vore ein inspirasjon for den norske lova om god handelsskikk med tilsyn som Stortinget har bedt regjeringa innføre i Noreg. I den norske debatten har enkelte frykta for mykje byråkratisering med eit slikt kontor, men den britiske modellen viser at det er mogleg å halde byråkratiet på eit minimum.

- Vi er fem på kontoret. Advokaten og eg jobbar på deltid. Eg jobbar tre dagar i veka, og, ja, eg tek ferie, sa Christine Tacon på ein konferanse i København nyleg.

Som i det norske forslaget til lov regulerer det britiske handelsombodet forholdet mellom leverandørar og daglegvarekjedane. Frå 2014 til 2018 er talet på det leverandørar opplever som brot på lova nærast halvert. Dei matvarekjedane som har betra seg mest gjer det også best økonomisk.

– Det har vore ei stor kulturendring i bransjen. Eg trur kanskje det er det viktigaste, sa Ash Amirahmadi, direktør for meieriselskapet Arla i Storbritannia under same konferanse.
 

Konkurransetilsynet for tungrodd

Tacon har ei heilt sjølvstendig rolle. Ho leiger kontor hjå Konkurransetilsynet, som gir ein viss status, men peikar på kor utruleg viktg den uavhengige rolla er:

- Hadde det vore lagt til Konkurransetilsynet med mange andre oppgåver ville dei ha lent seg tilbake og venta på at saker skulle kome inn. Då ville ingenting skje. Eg er konstant ute og møter leverandørar og daglegvarekjedene, seier Tacon.

For sein innbetaling, betaling for å bli verande i butikk og fjerning av produkt frå hyllene utan grunngjeving er døme på klager. Tacon jobbar heile tida førebyggande, og reknar ikkje suksessen i talet på rettssaker.

- Høyrer eg til dømes rykte om at ein daglegvarekjede planlegg å innføre ei ulovleg ordning går eg direkte til dei og konfronterer dei med klagane. Då skjer ikkje endringa, seier Tacon.
 

Christine Tacon, handelstilsyn i Storbritannia

Snart lov om god handelsskikk i Finland

Finland er i ferd med å innføre ei lov om god handelsskikk etter eit forsøk med frivillig ordning. Krav om skriftlege kontrakter og innføring av eit handelsombod vil vere hovudelement i lova. Sannsynlegvis blir den vedteken i løpet av 2018 og gjeldande frå januar 2019. I Sverige er derimot styresmaktene kritiske til å innføre lovregulering. Ein rapport frå det svenske Konkurranseverket konkluderer at uheldig handelspraksis eksisterer også i Sverige, men at omfanget ikkje er så stort at ein treng lovregulering. Både i Sverige og Danmark ser ein utfordringar knytt til daglegvarehandelens dobbeltrolle som kunde og konkurrent. 

- Uheldig handelspraksis er utbreidd i danske daglegvarehandel. Det er ikkje berre enkelttilfelle, seier direktør Niels Jensen i danske MLDK Mærkevareleverandørerne, som ynskjer seg lovregulering.

EU har no til handsmaing ei lov om god handelsskikk for heile EU. 20 medlemsland har alt innført ulike former for regulering. EU-lova kan bli vedteken i løpet av året.