Uganda diskuterer no innføring av ei lov som vil tillate produksjon av genmodifiserte produkt. Denis Kabiito, som sjølv er bonde i Uganda, meiner ein må vere forsiktig med å introdusere GMO-produksjon i Uganda. Han meiner bøndene blir meir sårbare ved å produsere GMO-produkt. – Kva vil skje viss ein den eine veksten ikkje slår til? Vi har ein stor variasjon av lokale vekstar. Han meiner dagens GMOar favoriserer store bruk, medan dei i Uganda har ei blanding av store og små bønder.

- GMO-ane blir promotert av store bedrifter, planteforedlingsselskap og forskarar, ikkje bøndene. Bruk av GMO vil også sannsynlegvis auke kostnadene for bøndene, seier Kabiito, som også meinte merking var heilt sentralt.

På konferansen til Bioteknologirådet om GMO i Afrika 16.oktober der Kabiito deltok, vart det også presentert forsking som viste positive effektar av GMO og feltstudier som viste at bønder var positive til GMO. Men Kabiito meiner mange bønder har lite kunnskap GMO.

- Viss du spør ein bonde om han vil ha høgare avlingar og mindre sjukdom svarer han naturlegvis ja. Men han har ikkje nødvendigvis kunnskap om konsekvensane, sa Kabiito.

Konferansen til Bioteknologirådet om GMO i Afrika 16.oktober 2018. Tilstede var leder for Ugandas unge bønder, Denis Kabiito.

Den svenske forskaren Klara Fishcer presenterte under konferansen også feltstudier frå Sør-Afrika som viste at verken bønder eller seljarar av t.d. GMO- mais ofte ikkje visste kva produkt dei selde eller kjøpte. Dei signerte t.d. ikkje avtaler med selskapa som dei skulle og fòra hønene med GMO-såfrø i staden for å plante dei.

- Løysinga på svoltkrisa er mykje meir enn GMO. La oss sjå på andre løysingar, konkluderte Kabiito, som også er leiar for gruppa for unge bønder i World Farmers` Organisation (WFO).