- Tine Sundtoft skal ha ros for at ho tar Krokann-dommen på alvor når ho no vil realitetsbehandle desse erstatningssakene på nytt. Dette gir også gode signal om korleis rovdyrerstatningssaker vil bli behandla framover, seier styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner.

Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag gir ros til klima- og miljøvernministeren. I august var Norges Bondelag og dei andre fagorganisasjonane for sau i møte med klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft for å krevje ny behandling av fleire rovdyrsaker med bakgrunn i Krokann-dommen. Årsaka var at Miljødirektoratet hadde gitt fleire bønder avslag på å få realitetsbehandla klage på rovdyrerstatning, basert på prinsippa fastsett i Krokann-dommen. No har statsråden bestemt at desse 77 erstatningssakene skal bli vurdert på nytt av Miljødirektoratet.

Styrka tillit til regjeringa

- Krokann-dommen er tydeleg på at det er praktiseringa av regelverket for erstatning for rovviltskader som har vore feil. Når Klima- og miljødepartementet no pålegg Miljødirektoratet å realitetsbehandle saker som er lik saken til Ola Krokann på nytt, så styrker det vår tillit til regjeringa, seier Einar Frogner.

Krokann-dommen pålegg miljøforvaltninga å dempe krava til dokumenterte tap i besetninga for å utbetale erstatning for rovdyrskade. Sauebonde Ola Krokann fekk i Sør-Trøndelag Tingrett medhald i at han skulle hatt rovdyrerstatning for fleire tapte sauar enn han fekk for beitesesongen 2008. Staten meinte saksforholdet var prinsipielt, og anka saka til lagmannsretten. Krokann fekk også medhald der, og dommen vart dermed ståande.