Miljøpartiet De Grønne er sist ute av partia på Stortinget med å legge fram alternativt statsbudsjett for 2018. Partiet har ikkje overraskande ein grøn profil på budsjettet sitt, og sett av store midlar til norsk landbruk.

- MDG sett av over ein halv millard kroner til å utnytte arealressursane på dei små og mellomstore bruka, gjennom å fjerne botnfrådraget i tilskota, auke arealtilskotet til grovfôr og innføre driftsvansketilskot. Mykje av dette samsvarar med våre krav til jordbruksoppgjera, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.

Moms på kjøtt

MDG held også oppe støtta til dei frivillige organisasjonane som får offentleg støtte over budsjettet til Landbruksdepartementet, og aukar støtten til Bondens Marked. Partiet aukar løyvingane til klimarådgiving på gardsnivå, og sett av meir pengar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovdyrområde.

Det Skorge ikkje er fornøgd med i MDG sitt budsjett, er korleis partiet har tenkt å finansiere dei auka overføringane til landbruket.

- I budsjettet sitt aukar MDG momsen på kjøtt med 1 milliard kroner. Det vil svekke verdiskapinga og sysselsettinga i landbruket og matindustrien. Norsk kjøtt blir produsert med eit lågare klimaavtrykk enn kjøttproduksjonen i andre land. Eg trur ikkje auka prisar på norsk kjøtt vil få ned kjøttforbruket, men gje meir grensehandel, seier Per Skorge.