Generalsekretæren i Bondelaget: - Sterkt å sjå skadane

Publisert 12.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Ein forstår kor sterke naturkreftene er, seier generalsekretær Sigrid Hjørnegård etter rundturen hos ekstremvêrråka bønder i Sogn og Fjordane. Ho krev eit enklare system for naturskadeerstatning.

 

FRÅ VENSTRE: Sigrid Hjørnegård, Anders Felde, Jan Steig og Andreas Wiese. 

 

- Det gjorde veldig inntrykk å sjå det på nært hald. Både skadane som flaumen førte med seg i Luster, og dei mange rasa i sommar, seier Hjørnegård etter å ha møtt uvêrsråka bønder i fylket.

 

- Regelverket må ta omsyn til tøffare vêr i framtida

STERKE INNTRYKK: Sigrid Hjørnegård på synfaring i Fortunsdalen i Luster kommune. 

 

Generalsekretæren i Norges Bondelag hadde følgje av mellom anna organisasjonssjef Merete Støfring frå Sogn og Fjordane Bondelag, fylkesleiar Anders Felde, representantar frå NVE og kommunane på rundturen. Under turen  møtte dei frustrerte bønder som fortvilt etterlyser betre ordningar når skadane etter ekstremvêr skal ryddast opp.

- Det er openbert at regelverket må endrast for å møte framtidige utfordringar, fastslår Hjørnegård.

For historia verkar å gjenta seg frå grend til grend. Grunneigarane opplever at dei på mange område blir overlat til seg sjølve når uvêret er forbi og kvardagen skal takast tilbake. Lista over gjeremål blir lang. Papirmølla endelaus. Det er takstmenn, forsikringsselskap, naturskadeerstatning, flaum- og rassikring, vegar som må byggast opp att, vassforsyning og anna infrastruktur, og innmark som ser ut som månelandskap.

Generalsekretæren er klar på at systemet må ta omsyn til at bøndene er i ein særs vanskeleg situasjon, og at arbeidet med å rydde opp etter naturskadar er krevjande. Dei ulike erstatningsordningane bøndene må forhalda seg til etter naturskadar må ta høgde for at risikoen for ekstremvêr aukar.

- Desse episodane med ekstremvêr kjem raskare og raskare. Me kan ikkje ha det slik det har vore. Me må ruste oss betre mot auka belastning framover, og det må erstatningane bidra til.

 

Frustrasjon, men likevel framtidstru

FRÅ VENSTRE: Andreas Wiese, Sigrid Hjørnegård og Arne Rebni Øvreås. 

 

Med seg i delegasjonen til fylket hadde Hjørnegård også bondelags-jurist Aina Bratlie. For administrasjonen sentralt var det viktig å få høyre om erfaringane bønder har gjort seg i møte med erstatningsapparatet siste tida.

- Me snakka om alt rundt naturskadeordninga. Økonomisk trenge me ei naturskadeordning som i tillegg til å ivareta oppattretting etter ein naturskade, også kan bidra med midlar til å sikre mot at det same skjer igjen. I tillegg høyrde me om dei personlege opplevingane. Me høyrde korleis det påverkar menneska å leve med risikoen til dagleg. Mellom anna i Jølster var ordføraren med å snakka om auka trykk på hjelpeapparatet etter i sommar.  Det gjorde inntrykk. I tillegg til dei konkrete skadane møter me bøndene som har framtidstru. Dei brettar opp ermene og bygger opp att.

Bondelaget sin øvste administrative leiar meiner det er viktig å komme ut og sjå med sjølvsyn korleis bøndene blir råka av ekstremvêr.

- Det er heilt avgjerande for å kunne gjere ein god jobb for norske bønder. Ein får høyre sterke historier. Dei er utsette for opplevingar du nesten ikkje kan sjå føre deg. Men trass påkjenningane dei bær med seg, er det kombinert med ei klokketru på at det er liv laga. Eg skal gjere mitt for at det er mogleg også framover, fastslår Sigrid Hjørnegård.

 

 

 

Marte Bogstad fikk god hjelp til fjøsstellet. Foto: NBU.

Ungdomspolitikere på fjøsbesøk

​​​​​​​Nærmere tjue topptillitsvalgte fra ungdomspartiene fikk en smakebit på unge bønders hverdag da de hjalp til med fjøsstellet på Smedstad gård.

Gjerpen og Solum Bondelag

Kjempar om å bli Årets lokallag

Dei 18 lokallaga som kjempar om den gjeve tittelen Årets lokallag i Norges Bondelag, er no klare. Her kan du sjå kven dei nominerte er.

Frøydis Haugen i Malawi

Varmt møte mellom malawiske og norske bønder

Landbruket i Malawi liknar ikkje mykje på vårt landbruk. Men ein ting har bøndene i dei to landa til felles: Bekymringa for vêret. For bonden frå Bergen vart det uvant å gå rundt og håpe på regn, då ho nyleg besøkte Malawi.

Ku på beite på Kjerringøy. Foto: VisualDays

Flere inn på eiersiden i Klimasmart Landbruk

Siden nyåret har åtte landbruksbedrifter- og organisasjoner gått inn som medeiere i prosjektet Klimasmart Landbruk. – Interessen og responsen har vært over all forventning, dette lover godt for næringas videre klimaarbeid, sier prosjektleder leder Tony Barman.

Svein Olav Thomassen og Kristina Hegge

To nye fylkesledere i Bondelaget

På fylkesårsmøtene i 2018 ble Kristina Hegge valgt som ny leder av Oppland Bondelag og Svein Olav Thommasen valgt som ny leder av Troms Bondelag.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere