Generalsekretæren i Bondelaget: - Sterkt å sjå skadane

Publisert 12.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Ein forstår kor sterke naturkreftene er, seier generalsekretær Sigrid Hjørnegård etter rundturen hos ekstremvêrråka bønder i Sogn og Fjordane. Ho krev eit enklare system for naturskadeerstatning.

 

FRÅ VENSTRE: Sigrid Hjørnegård, Anders Felde, Jan Steig og Andreas Wiese. 

 

- Det gjorde veldig inntrykk å sjå det på nært hald. Både skadane som flaumen førte med seg i Luster, og dei mange rasa i sommar, seier Hjørnegård etter å ha møtt uvêrsråka bønder i fylket.

 

- Regelverket må ta omsyn til tøffare vêr i framtida

STERKE INNTRYKK: Sigrid Hjørnegård på synfaring i Fortunsdalen i Luster kommune. 

 

Generalsekretæren i Norges Bondelag hadde følgje av mellom anna organisasjonssjef Merete Støfring frå Sogn og Fjordane Bondelag, fylkesleiar Anders Felde, representantar frå NVE og kommunane på rundturen. Under turen  møtte dei frustrerte bønder som fortvilt etterlyser betre ordningar når skadane etter ekstremvêr skal ryddast opp.

- Det er openbert at regelverket må endrast for å møte framtidige utfordringar, fastslår Hjørnegård.

For historia verkar å gjenta seg frå grend til grend. Grunneigarane opplever at dei på mange område blir overlat til seg sjølve når uvêret er forbi og kvardagen skal takast tilbake. Lista over gjeremål blir lang. Papirmølla endelaus. Det er takstmenn, forsikringsselskap, naturskadeerstatning, flaum- og rassikring, vegar som må byggast opp att, vassforsyning og anna infrastruktur, og innmark som ser ut som månelandskap.

Generalsekretæren er klar på at systemet må ta omsyn til at bøndene er i ein særs vanskeleg situasjon, og at arbeidet med å rydde opp etter naturskadar er krevjande. Dei ulike erstatningsordningane bøndene må forhalda seg til etter naturskadar må ta høgde for at risikoen for ekstremvêr aukar.

- Desse episodane med ekstremvêr kjem raskare og raskare. Me kan ikkje ha det slik det har vore. Me må ruste oss betre mot auka belastning framover, og det må erstatningane bidra til.

 

Frustrasjon, men likevel framtidstru

FRÅ VENSTRE: Andreas Wiese, Sigrid Hjørnegård og Arne Rebni Øvreås. 

 

Med seg i delegasjonen til fylket hadde Hjørnegård også bondelags-jurist Aina Bratlie. For administrasjonen sentralt var det viktig å få høyre om erfaringane bønder har gjort seg i møte med erstatningsapparatet siste tida.

- Me snakka om alt rundt naturskadeordninga. Økonomisk trenge me ei naturskadeordning som i tillegg til å ivareta oppattretting etter ein naturskade, også kan bidra med midlar til å sikre mot at det same skjer igjen. I tillegg høyrde me om dei personlege opplevingane. Me høyrde korleis det påverkar menneska å leve med risikoen til dagleg. Mellom anna i Jølster var ordføraren med å snakka om auka trykk på hjelpeapparatet etter i sommar.  Det gjorde inntrykk. I tillegg til dei konkrete skadane møter me bøndene som har framtidstru. Dei brettar opp ermene og bygger opp att.

Bondelaget sin øvste administrative leiar meiner det er viktig å komme ut og sjå med sjølvsyn korleis bøndene blir råka av ekstremvêr.

- Det er heilt avgjerande for å kunne gjere ein god jobb for norske bønder. Ein får høyre sterke historier. Dei er utsette for opplevingar du nesten ikkje kan sjå føre deg. Men trass påkjenningane dei bær med seg, er det kombinert med ei klokketru på at det er liv laga. Eg skal gjere mitt for at det er mogleg også framover, fastslår Sigrid Hjørnegård.

 

 

 

Ulv, lovendring og Bernkonvensjonen

MDG frykter at et lovforslag som skal presisere adgangen til lisensjakt på rovdyr, kan føre til at Norge bryter internasjonale avtaler. Det er feil. Juridisk sjef og advokat i Norges Bondelag, Erlend Stabell Daling, forklarer.

Fakta og følelser om rovdyr

Syns du rovdyrsituasjonen kan være en kompleks og forvirrende sak? Vi har snakket med Erling-Aas eng, rovdyransvarlig i Norges Bondelag for å få litt mer oversikt.

Pelsdyr: Får full erstatning

Norges Bondelag og flere andre har arbeidet intenst for å få regjeringen til å skifte mening så de berørte bøndene skal få en rettferdig erstatning. Tirsdag kom avgjørelsen.

Viktig med riktige kutt for norsk jordbruk

-Vi skal kutte utslipp og tar oppgaven på alvor. Samtidig er jeg bekymret for konsekvensene de foreslåtte kuttene kan få, ikke bare for jordbruket, men for landet vårt, sier Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere