Tysdag 6.januar kan du bli med på teams-møte om geitenæringa. Møtet er for geitebrukarar og produsentar i heile landet og omhandlar både mjølkegeit og ammegeit.

-På møtet skal vi sjå på det store biletet og finne løysingar for heile næringa. Det er viktig for oss som bønder å trekke i same retning, seier møteleiar, geitebonde og fylkesleiar i Buskerud Bondelag, Eirin Trintrud.

Trintrud meiner det no er viktig å arbeide godt fram mot jordbruksforhandlingane og at dei difor har sett ned ei arbeidsgruppe.

Dette møtet er ein tjuvstart/førebuing til jordbruksforhandlingane 2026. Alle lokallag i Bondelaget  vert oppfordra til å gi sine innspill om kva som er viktig for landbruket i deira område, og dette møtet om geit er en del av kunnskapsbygginga i forkant av jordbruksforhandlingane. 

I jordbruksavtalen som blei inngått i mai 2025, ble det sett ned ei partssamannsett arbeidsgruppe som skal gjere ein helhetlig gjennomgang av geitehaldet. Eirin Trintrud representerer Bondelaget i denne arbeidsgruppa, og svara frå lokallaga er nyttige i dette arbeidet.

Arbeidsgruppa skal: Gi en helhetlig gjennomgang av geiteholdet i Norge, både kjøtt- og melkeproduksjon. Vurdere markedsmuligheter, produksjon og produksjonsmiljøene som et utgangspunkt for veivalg for næringen innenfor de landbrukspolitiske målene..

-No har du sjansen til å engasjere deg. Geitehald er krevjande i forhold til både marknadssituasjon og økonomi, og dette vil vi gjerne diskutere med deg som er geitebonde, seier Trintrud som sjølv driv med  mjølkegeit og oppforing av killingar.

Møtet er en del av en møteserie Vestland Bondelag har i vinter, men er åpent for geitebønder over heile landet.

Meld deg på her

 

Program geitemøte