Det er bekrefta funn av antibiotikaresistente gule stafylokokkar LA-MRSA i ei svinebesetning i Nord-Trøndelag.

Dette er den same besetninga som det vart tatt prøver av etter mistanke om LA-MRSA sist veke. Besetninga er no pålagt restriksjonar, og det er ikkje lov å føre dyr inn og ut av besetninga.

No blir det tatt kontrollprøver av 16 andre besetningar som har vore i kontakt med den smitta besetninga. Det er snakk om to kontaktbesetningar i Troms, ei i Nordland, ei i Sør-Trøndelag og tolv i Nord-Trøndelag. Dei første resultata av desse prøvene vil vere klare i slutten av denne veka.

Smittar ikkje via kjøtt

Antibiotikaresistente gule stafylokokkar LA-MRSA hos gris vart påvist første gong i Noreg i 2011. Alle norske svinebesetningar med ti eller fleire purkar vart testa for dette i fjor vår, og berre ei av dei nesten 1000 besetningane var smitta av LA-MRSA. Tidlegare har det vore påvist i 25 svinebesetningar her til lands etter systematisk prøvetaking. Alle desse besetningar har blitt sanert.

Dyreassosiert MRSA sprer seg mellom besetningar ved flytting av dyr, men kan også bli spredd via personar og forureinsa gjenstandar, inkludert dyrebilar. Smitta kan ikkje spre seg frå dyr til menneske via kjøtt og kjøttprodukt.