Frustrasjon og sinne med eit glimt i auget
Blokadene av matmjølanlegg er oppheva. - Det har vore flott å sjå kor kraftig og ekte organsiasjonen har markert seg.
Bøndene opphevet blokadene 07.00 onsdag. Her fra Bjølsen i Oslo.
Det seier Bondelagsleiar Nils T. Bjørke som sjølv var med då blokaden på Bjølsen i Oslo blei oppheva i dag tidleg. - Det har vore flott å sjå korleis heile organisasjonen har slutta opp om dei to fasane etter brotet, seier Bjørke. - Det har vore flotte markeringar over heile landet der bøndene har gjeve uttrykk for frustrasjon og sinne over Statens tilbod. Samstundes har markeringane vore gjennomførte med eit glimt i auget.
- Vi står klare til å produsera meir mat. Vi står klar til å følgje opp vedtak i Regjering og Storting, men når Regjeringa sjølve ikkje følgjer opp, då blir det bråk, sier Bondelagsleiaren.
-Eg trur blokadane og brødaksjonen har fått folk til å tenkje over at det ikkje er sjølvsagt at vi har mat i butikkane til ein kvar tid, sier Bjørke som gjerne vil takke den einskilde bonde, det einskilde lokallag og fylkeslag for det praktiske arbeidet som er gjennomført. - Vi har hatt eit tydeleg bodskap med lokale variasjonar. Vi har stått fram som ekte, og det trur eg er viktig for måten vi har fått gjennom bodskapen vår på.
-Samstundes er det viktig å peike på at vi og har hatt eit godt samarbeid med det einskilde matmjølanlegg og sjåførane, seier Bjørke til blokadane som no er oppheva.