Franskmann gjenvalt som leiar for verdas bønder
Bønder frå heile verda var denne veka samla i Roma til generalforsamling i World Farmers`Organsation. Franske Arnold Peuch d`Alissac vart gjenvald som leiar. Matsikkerheit, klima og handel var mellom sakene på dagsordenen.
World Farmers`Organisation samlar rundt 80 bonde- og samvirkeorganisasjonar frå rundt 50 land. I Noreg er Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke medlem. Dei deltok i år med 3 deltakarar på generalforsamlinga som blir arrangert kvart år på ulike stader i verda. I år var generalforsamlinga i FNs matorgan, FAO sine lokale i Roma. Det er også der WFO har sitt kontor.
Ei viktig sak på dagsordenen i år var val av president. Sittande president, Arnold Peuch d`Allisac frå det franske bondelaget FNSEA stilte til gjenval. Han vart utfordra av Rob Larew, president for det amerikanske bondelaget National Farmers`Union. Den franske kandidaten vann ein knepen siger over amerikanaren med 24 mot 17 stemmer. Han er valt for to år.
- Det er fint å ha ein fransk president med eit europeisk perspektiv, sjølv om også den amerikanske kandidaten var god, seier nestleiar i Norges Bondelag, Egil Chr. Hoen, som deltok på møtet i Roma.
Kati Partanen frå det finske bondelaget MTK vart gjenvalt som europeisk representant inn i styret. Det er i tillegg ein representant frå kvart av kontinenta Nord-Amerika, Latin-Amerika, Asia, Afrika og Oseania i styret. Mary Simson frå Australia vart vald til visepresident.
Handel: Mat som mobiltelefon?
Ved sidan av sjølve generalforsamlinga var det ein heil dag for unge bønder og to konferansedagar med ulike tema. Mellom tema var også handel. Brodie Berrigan frå det kanadiske bondelaget opna debatten med å snakke om dei moglegheitene handel gir for bøndene og betydningen av eit globalt regelverk, men også at handel ikkje må undergrave sosiale og økonomiske behov, inkludert matsikkerheit. Berrigan er leiar for WFOs handelsgruppe der også Noreg har ein plass.
I panelet var m.a. Doaa Abdel Motaal frå WTO (Verdas Handelsorganisasjon), representantar frå FAO, eksportrådet for meierivarer i USA, det argentinske og det italienske bondelaget. Mootal frå WTO opna med å seie at ho ikkje skjønte kvifor det var så vanskeleg å bli samde om ei ny avtale for landbruk i WTO, handel er jo berre bra og det er ingen som reagerer på å sende olivenolje frå ein by til ein annan i Italia, eller på at mobiltelefonar har deler frå ulike land. Ho var også svært kritisk til kampanjar for å ete lokal mat og handelsforstyrrande støtte til bøndene. Representanten frå Norges Bondelag reagerte på innlegget med å framheve landbrukets multifunksjonelle rolle og utan støtte og toll risikerer ein å legge ned landbruket i land som er lite konkurransedyktige for å konsentrere produksjonen i nokre få land, med den risikoen det inneber med t.d. klimaendringar.
Matsikkerheit og berekraft
Også matsikkerheit og berekraft var høgt dagsordenen i årets møte. WFO er aktiv på klimaområdet og har hatt store delegasjonar på dei årlege COP-møta. Der fremjer dei bøndene sine interesser og prøver å sikre finansiering for land i Sør for å finansiere klimatiltak. På møtet var også regenerativt landbruk og kven som skal betale for det på dagsordenen som ein del av diskusjonen om berekraft. I debatten kom det m.a. fram at det er vanskeleg å finne ein klar definisjon på regenerativt landbruk og at det er viktig å kunne dokumentere kva ein gjer. Representantar frå forbrukarorganisasjonane framheva at det var viktig at kostnadene ikkje vart flytta over på kundane, og at ein måtte finne andre måtar å finansiere overgangen til meir berekraftig produksjon.
Nye teknologiar var eit anna tema som var på dagsordenen. Det sør-afrikanske bondelaget fortalde korleis dei jobba for å få meir av søketrafikken over på eigne nettsider. Søkemotorane hadde ein tendens til å leie folk til nettsider som t.d. agiterte imot animalsk produksjon, var erfaringa frå Sør-Afrika.
- Det er interessant å høyre om erfaringane frå bønder i andre land. Det er kanskje noko av det mest verdifulle med desse møta, seier Egil Chr Hoen. Samtidig så er det skremmende å høre hvordan klimaendringer, svak økonomi for bonden og jord som går ut av drift påvirker matproduksjonen negativt i store deler av verden, tilføyer han.