Den franske statsministeren Manuel Valls ba bøndene produsere meir lokal fransk mat og fôr, og overtyde forbrukarane om at kjøt og ost er ok å ete.- Landbruket er viktig i kampen for eit betre klima. Bøndene har løysinga. De må produsere meir lokal fransk mat og fôr, og vise forbrukaren at dei framleis kan ete kjøt og ost, sa Frankrikes statsminister Manuel Valls då han møtte bønder frå heile verda i Paris.

Den franske regjeringa har teke initiativ til eit prosjekt for å lagre meir karbon i jorda. Vertslandet Frankrike legg stor vekt på landbruket som ein del av klimaløysinga. Fyrste veka i klimaforhandlingane vart  ”4-promille-initiativet” lansert.  Initiativet fokuserer på karbonlagring i jord og viser at opptaket av karbon i jorda er eit så effektivt klimaverkemiddel at sjølv små auker i karbonlagringen i jord vil ha stor effekt for å bremse klimaendringane. Målet er å lagre 4 promille meir karbon i jorda kvart år.
Alle som tilsluttar seg initiativet forpliktar seg på ulike måtar til å auke karbonlagringa i jord gjennom å arbeide for betre jordkvalitet.  Gjennom dette arbeidet kan ein oppnå resultat på fleire viktige område samtidig; redusere klimaendringane, betre matsikkerheiten og bidra til inntekter og berekraftig utvikling.  Sjå meir om initiativet her.

Må få til løysing

Konferansen i Paris der statsministeren heldt innlegget var arrangert av det franske og europeiske bondelaget og World Farmers Organisation som ein sideevent til klimatoppmøtet. Bøndene som deltok understreka behovet for å få til ei avtale:

- Vi må få til ei løysing i Paris. Vi kan ikkje ende opp som i København, sa Dyborn Chibonga som leiar det malawiske bondelaget. Han fortalde om korleis dei alt føler endringane i klimaet på kroppen gjennom tørke og meir utforutsigbare nedbørssesongar. Han viste også til gode prosjekt som auka avlingane. Norges Bondelag støttar denne typen prosjekt i Malawi.

- Det må bli inngått ei avtale. Vi treng finansiering av teknologi. Bøndene har kunnskapen, den må berre oppdaterast og det kostar pengar, sa leiar Evelyn Nguleka i World Farmers Organisation.
Den danske bondelagsleiaren Martin Merrild som nyleg er blitt president i COPA, EU-bøndenes bondelag, skildra utfordringa slik – Vi må produsere meir mat på mindre areal.