- Etter mange år med fastlåste forhandlingar gjer vi verkeleg framsteg, sjølv om vi har ein lang veg igjen, konkluderte generaldirektør Roberto Azevedo etter møtet i forhandlingskomiteen i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) 27.april.

Etter planen skulle WTO ha klar ein arbeidsplan innan utgangen av juli, og forhandle ei avtale på ministermøtet i Kenya i desember. Skal det vere mogleg må alle bidra og fokus leggast på kva som er mogleg og få til, meiner Azevedo. Mange trekker no i tvil om det er mogleg å få til ein arbeidsplan innan juli måndad.

Ulike modellar for landbrukstollkutt

Sidan januar har det vore stor aktivitet i forhandlingane. På landbruksområdet har ein diskutert fleire modellar for tollreduksjon. Paraguay har forelått å kutte tollane gjennomsnittleg med 54% for i-landa (minimum 20%) og 36% for u-land (minimum15%), etter modell av førre forhandlingsrunde i WTO, den såkalla Uruguay-modellen. I-landa ville i denne modellen kunne definere 5% av varene som sensitive (12% for u-land) og dermed underlagt mindre strenge reduksjonskrav, men kvotar.

I forslaget ligg det også eit tak for tollsatsar i i-land på 100%. Andre ynskjer å legge til grunn forhandlingstekstane som låg på bordet då forhandlingane braut saman i 2008. Då delte ein varene inn i ulike kategoriar etter kor høg tollsats dei hadde. Varer med tollsats over 75% måtte til dømes kuttast med 70% for i-land. Nokon vil også følgje modellen frå 2008 for kutt i støtte, men særleg USA har framheva at land som Kina slepp for billig unna støttekutt med den modellen.

Inga semje om støtte til matvarelager

Ein er heller ikkje nærare ei permanent løysing for kor mykje støtte utviklingsland kan gi bønder som produserer for matvarelager. Slik reglane er i dag kan u-landa berre gi veldig begrensa støtte gjennom høgare prisar til bønder for oppkjøp for matvarelager. USA har vore spesielt kritisk til ei slik ordning, og har foreslått at alle reglar for matsikkerheit og oppkjøp til matvarelager skal på bordet og evaluerast.

India, Kina, Indonesia, Filippinane og mange andre land protesterte kraftig mot dette, og slo fast at dette ikkje var ein del av avtala som vart inngått i fjor. Enkelte land har også foreslått at denne typen støtte skal reknast som grøn støtte som ikkje skal reduserast. EU er mellom WTO-medlemmene som protesterer mot dette. Etter planen skal ein ved utgangen av 2015 bli samde om ei permanent løysing for u-lands oppkjøp til matvarelager.