Nestleiar Kristin Ianssen i Norges Bondelag fortalde bønder frå ulike deler av verda om korleis norske bønder jobbar med klimaendringar på World Farmers Organisations generalforsamling i Milano.

Nestleiaren i Norges Bondelag var invitert som innleiar på eit seminar om klimatenester i samband med WFOs generalforsamling i Milano. Norges Bondelag er medlem av WFO. Ianssen var invitert til å halde innlegg om kva bønder treng av klimatenester.

– Vi treng informasjon, vi treng kunnskap om korleis vi skal bruke denne informasjonen, og vi treng god organisering, sa Ianssen. Ho fortalde om korleis Norges Bondelag jobbar med klimapolitikk, og kva utfordringar og moglegheiter vi har i arbeidet med klimaendringar.

– Vi er heldige som har gratis tilgang på yr.no og VIPS (informasjonsteneste om plantesjukdommar og skadegjerarar). Men vi treng enno meir detaljert geografisk presis kunnskap, og vi treng å spreie kunnskapen, sa Ianssen.

Dårleg organisering og lite kunnskap og finansiering

Kunnskapsspreiing og organisering vart også trekt fram av fleire andre innleiarar.

– Det er eit gap mellom forsking og bøndene. Vi må få kunnskapen meir ut til bøndene, sa Charles Ogang frå Uganda. – Og vi har for svak organisering av bønder, sa Ogang. Han peika på at bøndene i større grad må takast med på råd når forskingsprogram blir utforma og få del av resultata i etterkant, då har WFO ei viktig rolle. Dyr teknologi og dyre lån er også ei utfordring for mange afrikanske bønder. Mikrolån i Uganda har renter på opp mot 40%.

Særleg utfordrande for afrikanske kvinner

For afrikanske kvinner er utfordringane særleg store. – Vi kvinner står for mesteparten av arbeidsinnsatsen, men har dårleg tilgang på kapital og informasjon, sa Mildred Craword frå Jamaica.

Generalsekretær Dyborn Chibonga frå den malawiske bondeorganisasjonen NASFAM peika også på behovet for kunnskap om klima og særleg presis vermelding: - I år kom til dømes regntida seint, alt kom på same tid og avlingane vart øydelagde.

Liknande utfordringar i Asia

Sok Sotha frå Kambodsja erfarte også liknande utfordringar: - Småbøndene særleg får ikkje tilgang på informasjon om veret fordi dei ikkje kan å bruke teknologien. Dei held seg også til gammal informasjon som er utdatert, og torer ikkje spørje, sa Sotha.

Generalforsamlinga i WFO vil vedta arbeidsplanen for ei nyoppretta arbeidsgruppe om klima. Det er også oppretta arbeidsgrupper på matkjedeproblematikk, matsikkerheit og husdyrproduksjon.

Bilettekst: Nestleiar Kristin Ianssen i Norges Bondelag fortalde bønder frå ulike deler av verda om korleis norske bønder jobbar med klimaendringar på World Farmers Organisations generalforsamling i Milano.