- Eigedomspolitikken i norsk landbruk er bygd opp gjennom generasjonar. Den er viktig for å få busetjing og produksjon over heile landet, og rekruttering av sjølveigande bønder.  Det sa nestleiar i Norges Bondelag Kristin Ianssen til bønder frå heile verda som var samla til generalforsamling i WFO.

World Farmers`Organisation (WFO) har rundt 80 medlemmer frå ca 50 land i alle verdsdeler. Årets generalforsamling var i Livingstone i Zambia, heimlandet til WFO-president Evelyn Nguleka. Ianssen heldt innlegg på eit seminar om eigedomspolitikk og landrettar. Ho fortalde om korleis det norske eigedomsregelverket er bygd opp med konsesjonslov, prisregulering, bu- og driveplikt og odelslov.

Jorda går til investorar utanfrå i Zambia

Mange var interessert i å høyre om korleis det fungerer i Noreg, og samanlikningar vart gjort med andre lands lovgjeving. I vertslandet Zambia har under 10% av småbøndene (mindre enn 200 mål) rett til jorda dei driv. 83% av bøndene med under 20 mål lever på mindre enn 1 dollar dagen. Får desse bøndene tilgang på 10 mål meir, kan det gi ein nedgang i fattigdom frå 80% til 50%. – Jorda går i større grad til spekulative investorar, heller enn produktive småbrukarar, sa Munguzwe Hichaambwe frå forskingsinstituttet IFAPRI under sitt innlegg.

– Dagens system i Zambia er laga for å ekskludere småbønder lokalt og favorisere personar utanfor som ikkje fyrst og fremst er bønder, sa Hichaambwe.


Presidenten hyllar landbruket

Zambias president Edgar Lungu innleia med å peike på kor viktig landbruket er:
- Landbruket er for viktig til at vi kan overlate det til bøndene åleine. Halvparten av Zambias innbyggarar er bønder. Også landbruksminister Given Lubinda peika på kor viktige bøndene er:
- Bøndene er viktige partnerar om vi skal nå tusenårsmåla om å fjerne svolten innan 15 år, og få eit klimasmart landbruk. Eg vil auke støtten til landbruket og gi meir meir makt til småbøndene, sa Lubinda, som har jobba 10 år på den norske ambassaden.


Arbeider med ny strategisk plan og politikkdokument

Under årsmøtet til WFO var fokuset på korleis organisasjonen stifta i 2011 kan utviklast vidare. Fram mot generalforsamlinga neste år skal det utarbeidast ein ny strategisk plan og nye politiske posisjonspapir for dei seks arbeidsgruppene: Klima, matkjede, matsikkerheit, husdyrproduksjon, kvinner og ungdom.
– Det er viktig at det politiske arbeidet blir prioritert, og at nok ressursar blir sett av til å bistå arbeidsgruppene i dette arbeidet, sa Kristin Ianssen under debatten.

Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er begge medlemmer i WFO sidan oppstarten. Berit Hundåla var fyrste europeiske representant i styret. Sveitsiske Fritz Glauser har no den posisjonen. WFOs strategiplan vil også vere tema når nordiske bønder møtes i Sverige i august. Mellom andre tema på årets konferanse var klima, innovasjon, bondens posisjon og samarbeid med andre deler av verdikjeda for mat. Rundt 130 delegatar frå heile verda deltok på møtet, i tillegg til 200 gjester og bønder frå Zambia.

Kristin Ianssen i lag med ein bonde frå Zambia som brukar yr.no for å finne ut når han skal så og hauste.