Fortalde WTO om norske bønders digitalisering
-Digitalisering har gjort kvardagen for oss bønder enklare. Men vi må ta godt vare på eigarskapen til data. Det sa Bodhild Fjelltveit då ho deltok i WTOs panel.
Forumet blir arrangert ein gong i året i lokale til Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Over 4000 personar frå næringsliv og organisasjonar deltok i årets samling. I år var temaet digitalisering, og World Farmers' Organisation arrangerte ein paneldebatt om korleis digitalisering påverkar bøndene.
Fjelltveit fortalde om korleis dei norske bøndene brukat mjøkerobot og GPS-sporing på sauene, og registrerer kyrne i ku-kontrollen. Men også utfordringar med eigarskap til data. - Vi har organisert oss i samvirket Landbrukets Dataflyt som sørger for betre flyt i data innanfor verdikjeda, men som også sørger for at bøndene gir samtykke til deling av data, seier Bodhild.
Liknande fordelar og utfordringar
I panelet var bønder frå Kenya og Storbritannia, og ein forskar frå OECD i tillegg til Fjelltveit.
Alle bøndene i panelet uttrykte liknande fordelar og utfordringar med digitalisering.
-Heile drifta mi ligg inne i denne telefonen, sa bonde og nestleiar i det britiske bondelaget (NFU), David Exwood.
- Men vi gir frå oss store mengder data, til dømes til traktorprodusenten John Deer. Vi burde få tilgang på aggregerte data dei samlar inn spm også kan vere interessant for oss, sa Exwood.
Også i Kenya brukar bøndene digitale verktøy i drifta og styresmaktene er no i ferd med å samle inn all type data om drifta på den enkelte garden.
Små forventingar på landbruk
Bodhild Fjelltveit hadde også fleire andre møte i Geneve, både med norske landbruksråden Magnar Sundfør og ambassadøren, Petter Ølberg som no leiar reformarbeidet i WTO, leiaren for den afrikanske gruppa, leiaren for landbruksforhandlingane og ulike avdelingar i WTO.
-Hovudinntrykket er at det ikkje er venta konkret framgang i forhandlingane om landbruk fram mot ministermøtet i Kamerun i mars. Sjølv om det ligg fleire forslag på bordet verkar ikkje forhandlingsklimaet å vere godt, og mange ventar nok på USA, trur Fjelltveit.
USA er også skeptiske til å trekke berekraft inn i forhandlingane, eit tema fleire land ynskjer å løfte. Det største temaet er venta å vere reform av organisasjonen, der gjenoppliving av appelldomstolen og diskusjon rundt konsensusprinsippet er sentralt.
- Men sidan ministermøtet er lagt til det afrikanske kontinentet er det venta at matsikkerheit blir sentralt. Det er bra, men samtidig veit vi at medlemslanda har ulik tilnærming til matsikkerheit i WTO. Nokon er opptekne av at landa må få ha suverenitet over matproduksjonen, medan andre meiner matsikkerheiten må atyrkast gjennom meir handel. Det er mange syn på både toll og landbruksstøtte mellom dei 165 medlemslanda som skal foreinast, seier Fjelltveit.
WFO viktig plattform
Ho meiner det er viktig for bøndene å vere til stades i WTO og legge fram sitt syn.
- Vi merkar at det er stadig meir interesse for å invitere inn bøndene på råd. Når vi er organisert gjennom World Farmers' Organisation (WFO) får vi innpass på møte og ei tyngde enkeltorganisasjonar ikkje har, seier Fjelltveit.