- Det er veldig interessant å høyre om så konkrete prosjekt ute på gardsnivå, sa leiar for klimagruppa i WFO, Ceris Jones etter å ha høyrt innlegget.

Gimming fortalde om prosjektet Klimasmart Landbruk som Norges Bondelag har teke initiativ til, der ein m.a.utviklar verktøy for å rekne ut klimaavtrykk og registrere klimakutt tilpassa kvar enkelt gardsbruk (sjå meir her). I panelet deltok også bønder frå m.a. Canada, Argentina, Sør Afrika og New Zealand.

- Det var veldig interessant å høyre frå ulike deler av verda dei store konskekvensane klimaendringar fører til for bønder og matproduksjon. Beit meg spesielt merke i at alle peikar på behovet for at nasjonale styresmakter fører ein aktiv politikk for å styrke landbrukets evne til å tilpasse seg klimaendringane og å bidra med gode erstatning/forsikringsordingar for å redusere bønders risiko i eit endra klima, seier Bjørn Gimming

Klima og miljø var hovudtema under den årlege generalforsamlinga i WFO, der Norges Bondelag er medlem. Også maktforholda for verdikjeden for mat, matsikkerheit, innovasjon og forsikringsordningar for data-innsamling var mellom tema som var oppe til diskusjon i Moskva.

- Mykjer forskjelleg, men det er også mange like utfordringar, til dømes når det gjeld maktforholda i verdikjeda for mat. På klimaområdet var det også fokus på behovet for å redusere klimagassutslepp, men det vart tydeleg understreka at premisset frå Parisavtalen er at dette arbeidet ikkje må føre til redusert matproduksjon.  Det er nyttig å møte bønder frå alle verdas kontinent og utveksle erfaringar, seier Bjørn Gimming.

Ein heil dag var sett av til ordinært årsmøte med interne diskusjonar om rekneskap og budsjett, val og taler frå leiar og generalsekretær. Leiar Theo de Jager er frå Sør-Afrika og ny generalsekretær er Arianna Gioliodori frå Italia, der kontoret til WFO ligg.

- Vi er veldig godt nøgde med den nye generalsekretæren og optimismen er stor i organisasjonen no, seier Bjørn Gimming.

Norges Bondelag har vore med i WFO heilt sidan starten i 2011, og før det i forløparen IFAP. WFO har 82 bonde- og samvirkeorganisasjonar frå 54 land som medlemmer. Styret har ein representant frå kvar verdsdel. Norske Berit Hundåla var fyrste europeiske styrerepresentant. I dag blir Europa leia av franske Arnold Puech d`Alissac. Neste generalforsamling er i Luxemburg.