2500 menneske var førre veke samla i Verdas Handelsorganisasjons (WTO) hovudkvarter i Genève til ei rekke parallelle seminar under overskrifta «Trade behind the headlines».  Fiskerisubsidiar, elektronisk handel, berekraftsmåla og landbruk var mellom tema som var oppe til debatt.

I opningsmøtet var m.a. leiaren for det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde. Den tidlegare franske landbruksministeren trakk fram dei positive sidene ved handel, men hadde også kritisk innspel:

- Vi kan ikkje støtte handel blindt. Den har også skapt negative effektar og ulikskap innan landa. Mange nasjonale politiske grep må takast for å motverke dei negative effektane, sa Lagarde.

Også den amerikanske økonomen Paul Krugman trakk fram negative effektar av handel.

- Vi økonomane la aldri skjul på at handel hadde negative effektar. Men vi undervurderte dei negative effektane. Vi hang for lenge fast i biletet frå 20 år tilbake då den negative fordelingseffekten ikkje var så stor. Vi tenkte også for mykje på sluttproduktet, og ikkje overgangskostnader, som ramma heile samfunn, sa Krugman. Han er likevel uroa over proteksjonisme og ikkje vil tilbake til tida før globaliseringa, som han no meiner flatar ut.

Støtte mest i fokus

På landbruksområdet er det særleg ulike støtteformer som er oppe til debatt. Medan mykje av tollreduksjonane no blir gjort gjennom handelsavtaler mellom enkeltland, er det WTO som i hovudsak fastset regelverket for kor mykje og kva type støtte bøndene kan få lov å motta. Landbruksstøtte var difor også eit heitt tema på fleire av møta i Genève sist veke.

Eitt av seminara tok for seg korleis matsikkerheit kan styrkast i utviklingsland. Det vart peika på behovet for å bruke prisstøtte til å bygge opp matvarelager i Sør. Men det vart også peika på at det var ynskjeleg å kutte i såkalla handelsforstyrrande støtte til i-landa. Det fekk nestleiar Bjørn Gimming til å reagere:

- Kutt i internstøtta vil slå hardt ut for småbønder som meg, sjølv  om eg berre produserer for nasjonale marknader og ikkje forstyrrar verdshandelen, sa Gimming.

I samtale med innleiarane etter møtet kom det også fram at dei ikkje ynskjer å ramme bønder som produserer for eigne marknader, og var interesserte i å finne løysingar der ein kan skilje mellom støtte til nasjonale marknader og støtte til eksporterte produkt.

Rammer oss som produserer for heimemarknaden

- Eg har inntrykk av at mange ikkje skjønar det norske støttesystemet og foreslår kutt som rammar  ein type produksjonar dei ikkje hadde tenkt å ramme. Dei fleste synest å akseptere at vi skal få lov til å produsere for våre eigne forbrukarar. Målet er dei store aktørane på verdsmarknaden, men i staden rammer det oss som produserer for heimemarknaden, seier Gimming.

På forhandlingsbordet før ministermøtet i desember ligg det eit forslag frå EU og Brasil m.fl som foreslår kutt med utgangspunkt i produksjonsverdien. Det vil ramme Noreg hardt, sidan vi er mellom landa i verda med høgast såkalla handelsforstyrrande støtte (gul og blå støtte) i forhold til produksjonsverdien. Største potten med handelsforstyrrande støtte er målprisen. Skilnaden mellom målprisen og verdsmarknadsprisen i 1986-1988 blir rekna som handelsforstyrrande støtte. Det er venta at det kjem eit nytt forslag på eit mini-ministermøte i Marokko 9.-10.oktober som er betre for Noreg. Det er ikkje sannsynleg at ein blir samde om kutt på ministermøtet i desember, men det kan feste seg nokre modellar for kutt som kan slå negativt ut for Noreg.

For lite landbruk og bønder

Årets offentlege forum i WTO hadde mange seminar om elektronisk handel og fiskerisubsidier, som også blir aktuelt under ministermøtet i desember. Fleire kritiserte forumet for å ha for få møte om landbruk, og for få bønder i panela. Norges Bondelag hadde søkt om å få arrangere eit møte saman med bønder i Sveits, Canada og USA, men fekk avslag.

- Det er nyttig å vere der for å bli oppdatert og møte andre bønder og norske forhandlarar, men WTOs forum var i år veldig topp-ned og med få møte om landbruk, eit tema som er heilt sentralt for WTO. Det må endrast neste år, seier Gimming.

Bilettekst 1: Bjørn Gimming forsvarte og forklarte norsk støtte då han deltok på WTOs årlege opne forum.

Bilettekst 2: Både IMF-sjef Christine Lagarde og økonom Paul Krugman meiner ein snakka for lite om dei negative effektane av handel, sjølv om dei begge er sterke tilhengarar av globalisering.