Forskriftsendringar for landbruket

Publisert 
Av Inger Johanne Sæterbakk,

Like før jul gjennomførte Landbruks- og matdepartementet ei rekkje forskriftsendringar som gjeld frå og med 1. januar.

I dei siste vekene av 2014 gjennomførte landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ei rekkje forskriftsendringar som angår landbruket. Forskriftsendringar treng ikkje å bli tatt opp i Stortinget, men blir vedtatt av kongen i statsråd. Dei endringane som vart vedtatt like før jul, gjeld frå og med 1. januar 2015.

Dobla konsesjonsgrenser på kylling

I statsråd 12. desember vart det vedtatt å auke grensa for slaktekyllingproduksjon frå inntil 140.000 til 280.000 omsette og slakta kyllingar per år og for kalkunproduksjon frå inntil 30.000 til 60.000 omsette og slakta kalkunar per år.

Denne forskriftsendringa vart gjennomført etter ein høyringsrunde der eit overveldande fleirtal var i mot ein auke av konsesjonsgrensene.

Import av jordbærplanter

Frå og med 1. januar i år er det tillatt å importere jordbærplanter frå EU, etter at det i haust vart gjort endringar i plantehelseregelverket.

Endringar i dyrevelferdsregelverket for slaktekylling

Endringar i dyrevelferdsregelverket for slaktekylling er også gjeldande frå 1. januar i år. Endringane i regelverket heng saman med doblinga av konsesjonsgrensene på kylling. Det blir sett strengare krav til dokumentasjon av god dyrevelferd for å produsere med høg tettheit, skriv Landbruksdepartementet på heimesidene sine. Det vil også vere krav om utvida oppfølging av besetningane med to obligatoriske besøk av veterinær kvart år.

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

19. desember fastsette Landbruks- og matdepartementet ei forskrift om tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.

Les meir om forskrifta og korleis du søkjer om tilskot på heimesidene til Landbruks- og matdepartementet.

Ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot

19. desember endra departementet også forskrifta som regulerer kven som kan motta produksjonstilskot. På denne måten er det no opna for at AS kan motta tilskot, og ikkje berre personar.

Dette er ei endring som har møtt motbør i høyringsrunden, men som landbruks- og matministeren likevel har valt å endre.

Den nye forskrifta om avløysartilskotet krev at tilskodet blir utbetalt direkte til bonden, ikkje lenger via avløysarlaget.  Landbruket meiner at endringa vil svekke den kollektive beredskapen avløserlaga har ved sjukdom, ved at det kan bli vanskelegare å få tak i avløysar, og det kan gje bonden større risiko i ein krisesituasjon.

På same tid vart det fastsett ny forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel. Les meir om endringane på heimesida til Landbruks- og matdepartementet.

Fleire forskriftsendringar

Landbruks- og matdepartementet låg ikkje på latsida før jul, og gjennomførte også fleire forskriftsendringar og innførte nye forsrkifter.Endringar i forskrift om administrative tollnedsetjingar og i forskrift om fordeling av tollkvoter for landbruksvarer, endringar i forskrift om råvareprisutjamning for bearbeidde jordbruksvarer, dei innførte ny forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket og ny varsel- og meldingsforskrift om sjukdom hos dyr.

Omsetjingsavgift fastsett

18. desember vart også omsetjingsavgiftene for 2015 fastsett. Frå 1. januar 2015 er omsetjingsavgiftene slik:

ku- og geitmelk       

6 øre/liter

kjøtt av storfe og kalv           

Maks 150 øre/kg

kjøtt av sau og lam  

maks 150 øre/kg

svinekjøtt      

maks 150 øre/kg

egg                

80 øre/kg

kjøtt av kylling         

24 øre/kg

kjøtt av kalkun         

24 øre/kg

Pelsdyrskinn

1,0 % av salgssummen

 

Våre samarbeidspartnere