Forhandlingar på sjette dagen
Forhandlingane pågår framleis torsdag ettermiddag.
Bondeorganisasjonane og staten forhandlar no på sjette dagen om ein jordbruksavtale. Torsdag har det blitt gjennomført fleire møte. Torsdag ettermiddag pågår forhandlingane framleis.
Partane har sete i forhandlingar sidan laurdag morgon.
Det er forhandlingsvilje på begge sider, men torsdag ettermiddag har partane ikkje komme fram til ein avtale. Det er framleis eit døgn igjen til forhandlingane skal vere avslutta.
Målet er å avslutte forhandlingane seinast fredag 15. mai.
- Les også: Forhandler om jordbruksavtale
- Les også: Forhandlingane pågår framleis
- Les også: Alt om jordbruksoppgjøret 2015