Stor interesse då jordbruket tok i mot statens krav onsdag for ei veke sidan. No sitt dei to partane i forhandlingar. Her er det Lars Petter Bartnes som blir intervjua.

Det har no gått ei veke sidan bondeorganisasjonane mottok statens tilbod til jordbruksavtale for 2017. Onsdag pågår forhandlingane for fullt.

- Det er framleis stor avstand på viktige punkt, og vi må bruke tid, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, som også er jordbrukets forhandlingsleiar.

- No gjer vi interne vurderingar før vidare forhandlingar, held han fram.

Fredag 6. mai, etter grundig gjennomgang av tilbodet varsla bondeorganisasjonane at dei ville møte staten til forhandlingar.

- Vi går inn i dette med klare forventningar om at regjeringa viser betydeleg forhandlingsvilje. Forhandlingsvilje er heilt avgjerande for å møte jordbrukets krav, og for å komme fram til ein jordbruksavtale, sa Lars Petter Bartnes då.

Helga og måndag vart brukt til prosedyregjennomgang. No pågår forhandlingane, som skal vere avslutta seinast fredag 13. mai.