Styresmaktene blir oppmoda til å leggje betre til rette for familielandbruket. I enkelte austeuropeiske land utgjer familielandbruket berre 10% av landbruket. Mange var nysgjerrige på den norske modellen, der familiar driv så å seie alle bruk.

Familielandbrukets år

FN har utpeika 2014 til å vere familielandbrukets år. Familielandbruket blir spesielt framheva  av FN for si viktige rolle i kampen mot svolt og fattigdom og for å skape ei berekraftig utvikling på landsbygda.

- Familielandbruket er spesielt viktig i krisetider, sa presidenten for den spanske bondeorganisasjonen UPA, Lorenzo Ramos. Han framheva at familielandbruket er ein av dei viktigaste drivarane  for vekst og arbeidsplassar i distrikta. Det kjem vel med i eit land i krise som Spania.

Den norske modellen

Han var ein av paneldeltakarane på konferansen i Brussel, arrangert av FAO (FNs matorgan), World Farmers Organisation og COPA-COGECA. Det var også Eugen Tømte frå Norsk Landbrukssamvirke. Han presenterte den norske modellen med særleg vekt på samvirket si rolle. Interessa for den norske landbruksmodellen var stor, og mange ville vite meir om både marknadsordningar, odelslov og andre ordningar som legg spesielt til rette for familiebruk og samvirke.

Medan så å seie heile det norske landbruket kan kallast familielandbruk, er situasjonen ein ganske annan i mange aust-europeiske land. Til dømes i Slovakia er berre 9% av gardane rekna som familiebruk.

Legge betre til rette for familielandbruk

- Styresmaktene støttar fyrst og fremst andre former for landbruk, sa ein av deltakarane frå Slovakia. Mange av deltakarane var svært opptekne av å sende ei melding til styresmaktene om å legge betre til rette for familielandbruk. Mellom tilrådingane er betre tilgang på jord, vatn, teknologi og kredittar for familiebønder, og eit lovverk som tilrettelegg for både familiebruk og samvirke.

- 2014 bør ikkje sjåast berre som ei feiring av familielandbrukets år, men ein moglegheit for å endre politikken og legge betre til rette for familielandbruket, sa leiaren for kvinnekomiteen i COPA-COGECA (EU-bøndene og –samvirka sin organisasjon), Willemien Koning-Hoeve frå Nederland.

Tilrådingane frå møtet blir tekne med vidare til ein større FN-konferanse i Bucuresti i april 2014. Det er tilsvarande regionale møte rundt heile verda.

Bondelaget vil feire familielandbrukets år

Norges Bondelag vil også feire familielandbrukets år. Følg med på heimesidene for meir informasjon. Familielandbrukets år vil også vere eitt av tema på Norsk Landbrukssamvirkes konferanse i januar, ”Mat og landbruk”.