– Dette viser at aksjonen vår får folk til å tenkja litt, seier leiar i Lindås og Austrheim bondelag, Frøydis Haugen nøgd.

Til Strilen fortel dei at dei ikkje har planar om å kjøpe meir brød enn det dei kan eta sjølve. Målet er ikkje å ramme forbrukarane, men å få folk til å tenkje seg om. Les heile artikkelen i Strilen.

Les også om aksjonen i avisa Nordhordland.

I går "kidnappa" Radøybøndene Sp-ordførar Jon Askeland, og norhordlandsbøndene hadde ei markering på Knarvik senter. Leiar i Austrheim/Lindås Bondelag, Frøydis Haugen, heldt apell.

Radøybønder kidnappa ordførar Jon Askeland.