I panelet sat Ole Kristian Fauchald som er professor ved UiO, Caroline Lund som er advokat i Lund & Co DA, Arvinn E. Gadgil frå SV, Nicolai Astrup frå Høgre, og Helene Bank frå Handelskampanjen. Bilaterale investeringsavtalar (BIT) er avtalar mellom land som gir rettar til selskap som investerer over landegrensene. BIT opnar for at selskap kan stille statar for retten, og dei siste åra har talet på slike saker gått i været. Selskap har fått milliarderstatning, mellom anna fordi dei har vorte påverka av miljøregulering.

Ny definisjon av ekspropriasjon

 

-BIT har bana veg for ein merkeleg rettspraksis, sa Helene Bank under lanseringa av den nye kampanjen  og forklarte korleis til dømes ekspropriasjon her vert definert på ny. - Til vanleg er ekspropriasjon noko ein snakkar om når myndigheiter må kjøpe opp jord for bygge veg der, eller likande. Men no vert det brukt om reguleringar som påverkar selskap, ved at ein definerer slike reguleringar som ein ekspropriasjon av selskapets framtidige inntekter.

Fråteke politisk handlingsrom

 

Bank meiner at BIT kan vere særleg skadeleg for land som ikkje har eit velutvikla juridisk rammeverk for å forvalte økonomisk aktivitet. - Ved at ei kvar ny regulering kan tolkast som brot på ein BIT, vert land fråteke nødvendig politisk handlingsrom til å utvikle forvaltningssystem som gjer at landet kan dra nytte av investeringar.

 

Organsiasjonane bak kampanjen BIT-fritt:

Attac Norge, AUF, Changemaker, Fagforbundet, Fellesrådet for Afrika, FIVAS, For Velferdsstaten, FORUT, Handeslkampanjen, KrFU, Latin-Amerikagruppene i Norge, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Nei til EU, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Sosial Forum, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Folkehjelp, Norsk Folkehjelps solidaritetsungdom, PRESS, RU, Spire, SU og Utviklingsfondet.

BIT-fritt på Facebook