Folk på Bondetinget

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

- Korleis har du det på Bondetinget? Vi spurde fem av dei som er til stades i salen.

Line Henriette Hjelmdal, landbrukspolitisk talskvinne i KrF og gjest på årsmøtet:

Det har vore kjekt å lytte til dei mange spennande innlegga i generaldebatten på Bondetinget. Eg er spesielt glad for at så mange i innlegga sine sett fokus på jordvern og kompetanseheving i landbruket.
Har du lært noko?
Eg merka meg Nils T. Bjørke sine fem råd til god bondehelse. Dei tar eg med meg vidare.

  

Alf Eivind Myren, utsending frå Aust-Agder:

Det er andre gongen eg er på Bondetinget, og det er veldig interessant å vere her. Eg er med på dette for å lære mest muleg. Folk er så utruleg flinke til å få sagt det dei meiner i generaldebatten. Eg er imponert!

 

Mathilde Dæhlin, utsending frå Norges Bygdeungdomslag

Det er første gong eg er på Bondetinget, og det er både spennande og lærerikt. Eg er veldig glad for at det er så mange som nyttar taletida si til å snakke om rekruttering og kompetansekrav. Dette er viktige saker for Norges Bygdeungdomslag, og eg håpar Norges Bondelag vil jobbe vidare med desse sakene.
No ser eg fram til resten av generaldebatten, til middagen i kveld og til morgondagen.

Sven Reimer Anderssen, utsending frå Finnmark:

Eg har det eigentleg veldig bra her på Bondetinget. Her er det mange gode kollegaer og kjentfolk, og det er kjekt å treffe dei. Vi er samstemte og har dei same interessane.
Kva synst du om stemninga her?
Det er litt anspent når det gjeld det politiske, men elles opplever eg at det er stort engasjement og mykje optimisme her. Høgdepunktet så langt er leiaren sin tale til årsmøtet.

Synne Vahl Rogn, avtroppande styremedlem i Norges Bondelag:

 Det er veldig bra å vere her, men også litt rart sidan det er min siste dag som styremedlem i Norges Bondelag.  Eg er glad for det enorme engasjementet og breidda i innlegga. Og så er det kjekt å sjå så mange unge, taleføre delegatar. Vi har ein god miks av erfaring og pågangsmot på dette Bondetinget.

Sjå fleire bilete frå Bondetinget på Facebook.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere