Felles front for flaumsikring
Norges Bondelag har gådd saman med seks andre organisasjonar for å legge styrke bak krava om meir midlar til flaumsikring i statsbudsjettet for 2018.
- Styrtregnepisodane blir kraftigare og vil forekomme hyppigare
- Regnflaumane blir større og vil komme oftare
Kjelde: Klima i Norge 2100, Norsk Klimaservicesenters (NKSS) 2015
Mange har reagert på at regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2018, kuttar i overføringane til NVE sitt arbeid med flaumsikring. Derfor har Norges Bondelag tatt initiativ til eit felles innspelt til årets statsbudsjett for meir midlar til flaumsikring. I tillegg til Norges Bondelag har Maskinentreprenørenes forbund, Finans Norge, Rådgivende Ingeniørers forening, KS, Norsk Kommunalteknisk forening og Naturviterne signert innspelet som fredag vart oversendt energi- og miljøkomiteen og finanskomiteen på Stortinget.
Sikring og god arealplanlegging viktig
- Flom og skred kan medføre skader på liv og helse, eiendom, infrastruktur, matproduksjon og miljø. Norge har de senere årene opplevd flere flom- og skredhendelser med betydelige skader og skadeomfanget er økende. Det må følgelig legges mer vekt på skadeforebygging for å redusere omfanget av naturskader. I tillegg til direkte sikringstiltak er det viktig med god arealplanlegging i kommunene og midler til kartlegging og overvåkning, heiter det i brevet.
Dei sju aktørane som har gådd i lag om innspelet til statsbudsjettet, viser i brevet til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har uttalt at det er betydeleg etterslep i flaumsikringsarbeidet i Noreg, og som har rekna ut at det er behov for 200 millionar kroner ekstra til flaum- og skredsikring kvart år.
Mange flaumskadar i haust
Oktober månad har bydd på store utfordringar med vassmengdar i sør-Noreg. Særleg Sørlandet har vore utsett. Likevel har ikkje løyvingane auka.
- Dei verste flomskadane kan ikkje reparerast, men dette kan førebyggjast. Det krev at regjeringa løyver nødvendige midlar til det. At regjeringa no gjer det motsette ved å kutte overføringane til NVE, er heilt uforståelig, sa Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, då regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2019. Dette skjedde berre ei veke etter at Sørlandet opplevde store flaumskadar. Fleire bønder på Sørlandet fekk store skadar på årets avling og på matjorda si som følgje av flaumen.