Fakta om eksportstøtte

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Regjeringa foreslår å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergost. Eitt av elleve norske mjølkebruk kan dermed bli nedlagt.

Eksporten av landbruksprodukt blir støtta med om lag 130 millionar kroner kvart år, gjennom prisutjamningsordninga for mjølk (PU-ordninga). Støtta til Jarlsbergost utgjer ein stor del av dette.

Prisutjamningsordninga for mjølk (PU-ordninga) er ein del av markedsordninga for mjølk. Ordninga har som formål å utjamne prisforskjellane på mjølk som råvare til ulike produkt. Det gir mjølkeprodusentar mogleghet for lik mjølkepris uavhengig av kva mjølka skal brukast til og kvar i landet garden ligg.

Prisnedskriving av mjølk til ost for eksport (gjennom PU-ordninga), blir i WTO-samanheng definert som eksportstøtte, sjølv om prisnedskrivinga blir finansiert av næringa sjølv, og ikkje over statsbudsjettet.

Forslaget frå regjeringa

Regjeringa foreslår å fase ut eksportstøtta på landbruksprodukt innan utgangen av l 2019.

Jarlsbergeksport

Jarlsberg blir eksportert til EU, USA/Canada og Australia, og er ein populær norsk merkevare. I tillegg blir osten produsert i USA og på lisens i Irland. Den norske eksportstøtta har ikkje effekt for lokal matproduksjon i utviklingsland.

25 prosent av Jarlsbergosten som blir selt i utlandet er produsert i Noreg. Ni prosent av norsk mjølkeproduksjon går til eksportert Jarlsberg, og dette tilsvarar mengden mjølk som blir produsert på 750 mjølkebruk.

Det er TINE sine meieri i Elnesvågen i Fræna og på Jæren som i dag produserer Jarlsberg til eksport.

Konsekvensar for norsk mjølkeproduksjon

Dersom eksportstøtta blir fjerna, blir eit mjølkevolum på 130 millionar liter mjølk utan marknad. Det utgjer ni prosent av norsk mjølkeproduksjon, noko som tilsvarar all mjølkeproduksjonen i Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold og Akershus/Oslo. Mjølkeproduksjonen er ein bærebjelke i norsk landbruk og heilt avgjerande for å ha ein produksjon over heile landet. Utan eksportstøtta risikerer kvart ellevte mjølkebruk å måtte leggje ned.

Konsekvensar for norsk kjøttproduksjon

Det er ikkje berre norsk mjølkeproduksjon som vil bli råka av at eksportstøtta fell bort. Ein reduksjon av norsk mjølkeproduksjon på ni prosent vil ha betydeleg effekt også for produksjonen av storfekjøtt. 75 prosent av storfekjøttet kjem frå mjølkekyr. I verste fall kan det bli ein reduksjon i storfekjøttproduksjonen på 5400 tonn årleg som følgje av dette, noko som vil auke underskotet av norske storfekjøtt dramatisk.


Kven nyt godt av eksportstøtta?

Norsk eksportstøtte går i hovudsak til ein høgt betalande marknad i land som USA og Australia og er betalt av næringa sjølv gjennom prisutjamningsmidlar. Ei einsidig fjerning av eksportstøtta frå norsk side vil derfor ikkje ha effekt for lokal matproduksjon i utviklingsland. Det vil bli tom symbolpolitikk frå norsk side som rammar norsk produksjon.
Det er stor skilnad på ei einsidig fjerning av eksportstøtta i løpet av få år, framfor fjerning over tid innanfor eit internasjonalt rammeverk som WTO.

Landbrukets klimaplan vedtatt i dag

-Dette er en viktig milepæl for norske bønder, sa Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag, da Landbrukets klimaplan ble vedtatt i dag.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Ønsker forenklede forhandlinger

Etter dagens møte i representantskapet i Norges Bondelag, er målet å gjennomføre jordbruksforhandlinger i vår for å få på plass rammene for matproduksjonen framover.

I dag blir landbrukets klimaplan overlevert

Landbrukets klimaplan er oppe til vedtak i et samlet landbruk i dag, og deretter overrakt i et videomøte mellom statsrådene Bollestad og Rotevatn i regjeringskvartalet, og bondelagsleder Lars Petter Bartnes fra Trøndelag.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere