Frå møtet i Copa Cogeca nyleg.Dette framgår av ein felles uttale etter kongressen 6.-8.oktober i Brussel. Rundt 500 personar deltok på kongressen i regi av Copa Cogeca, som er ein interesseorganisasjon for bonde- og samvirkeorganisasjonane i EU, som blir arrangert annankvart år. Denne gongen var temaet familielandbruk. 2014 er FNs år for familielandbruket. Rolla familielandbruket har i reduksjon av fattigdom og svolt og utvikling av landsbygda blir framheva av FN.

Familielandbrukets fortrinn og utfordringar

Også COPA-COGECA, EU sitt landb framheva familielandbrukets fortrinn under konferansen;
COPA-COGECA peika på det store potensialet familielandbruket har for å skape jobbar og økonomisk vekst, produsere kvalitetsmat, brødfø verda og ta vare på miljøet.
Men samtidig vart det under kongressen og i uttalen frå kongressen peika på utfordringane familielandbruket og samvirka står framfor i EU gjennom høge kostnader, klimaendringar, ekstremver og låge prisar som ikkje blir vidareført til forbrukar pga ein ubalansert verdikjede for mat.

Mykje fokus fekk også den russiske boikotten av EU-varer, som har ført til store utfordringar for særleg frukt-, grønt- og meierisektoren i EU. EU har allereie sett i verk store støttetiltak for bøndene, men COPA-COGECA meiner fleire tiltak må til.

Handelsavtaler på trappene

COPA-COGECA ber også EU legge betre til rette for eksport av landbruksvarer og fjerning av handelshinder mot andre land. EU-styresmaktene blir oppmoda om å setje i gang marknadsundersøkingar for å finne nye marknadsmoglegheiter og auke eksportpromoteringa. EU står no midt i forhandlingar med USA om ei ny handels- og investeringsavtale (TTIP). Nye forhandlingar med Noreg om handel med landbruksvarer står også for døra (artikkel 19 i EØS-avtala).

Regulering av handelsskikk

For å sikre at nye generasjonar tek over må familielandbruket vere økonomisk berekraftig og lønsomt, meiner COPA-COGECA. Dei ber EU-institusjonane prioritere familielandbruket og sikre tilgang på jord, investeringar i forsking og innovasjon, etablering av og støtte til samvirke, opplæring, støtte til unge bønder, og fremje god handelsskikk i verdikjeden for mat. COPA-COGECA var svært skuffa då Kommisjonen ikkje la fram forslag til felles EU-regulering for å motverke uheldig forretningspraksis i verdikjeden for mat. Mange medlemsland har innført reguleringar for god handelsskikk i verdikjeda for mat.

Frå Noreg deltok leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, assisterande næringspolitisk sjef Anne Thorine Lundstein og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal. Frå Norsk Landbrukssamvirke deltok nestleiar i Nortura, Kari Redse Håskjold, direktør Eugen Tømte og seniorrådgjevar Arne Ivar Sletnes. Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke har ei partneratale med COPA-COGECA.