Det var knytt stor spenning til om Parlamentet, Kommisjonen og Rådet ville bli samde før jul. Det hastar om dei skal få på plass eit regelverk før EU-valet til våren. Dei fleste EU-landa har allereie innført nasjonal lovgjeving, men eit felles lovverk vart sett på som viktig fordi mange av aktørane opererer i mange land.

Direktivet vil forby fleire uheldige handelspraksisar (UTPs) som for sein betaling, avbestilling i siste liten, einsidig endring i kontraktar, tvang av leverandørar til å betale for matsvinn og nekting av skriftlege kontraktar. Enkelte ordningar er berre tillate om det er eksplisitt nedfelt i avtala  (t.d. tilbakelevering av produkt som ikkje er selde eller betaling for marknadsføring).

Medlemslanda kan innføre strengare regelverk om dei ynskjer. Dei kan også utvide virkeområdet for avtala. Eitt av stridstema mellom Kommisjonen, Rådet og Parlamentet har vore kva aktørar som er dekka av lovgjevinga. Kommisjonen foreslo at berre små- og mellomstore leverandørar skulle vere dekka av lova. Dette ville ha gjort at fleire samvirke ikkje ville kunne bruke lova mot daglegvarekjeder. Kompromisset var at lova dekker bedrifter med ein omsetnad på inntil 350 mill euro.

No skal Parlamentet og Rådet formelt godkjenne avtala før den kan iverksetjast i medlemslanda. Det er lagt inn ei revidering av lovverket etter 4 år.

Noreg hadde eit forslag til liknande lovverk i 2013 som enno ikkje er innført. Sist vår påla Stortinget Regjeringa å innføre ei Lov om god handelsskikk med tilsyn innan 2019. I statsbudsjettet skreiv regjeringa at dei ikkje rekk iverksetje lova i 2019.

.- Noreg har gått frå å vere pådrivar til å sakke akterut. Når regjeringa i haust nok ein gong utsette lov om god handelskikk, blir eg uroa. Det hastar å få lova på plass, og regjeringa har fått ein klar marsjordre fra Stortinget, sier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.