Det var knytt stor spenning til avstemminga i dag. Deler av Parlamentet ville utsetje avstemning til november. Då ville sannsynlegvis tida ha vore for knapp til å handsame lovforslaget før val av ny Kommisjon og Parlament til våren.

- Det var no eller aldri, og eg er glad for at Parlamentet har gitt grønt lys for å gjere ferdig arbeidet med reglar som bøndene desperat treng for å ta bort uheldig handelspraksis i verdikjeda for mat. Dette trass i hardt press frå daglegvarekjedane siste vekene for å undergrave lovgjeving.

Det sa saksordførar Paolo de Castro etter avstemminga som enda med 428 stemmer for, 170 stemmer imot og 18 blanke. Resultatet betyr at diskusjonane om den konkrete utforminga av lova mellom Parlamentet, Kommisjonen og Rådet (medlemslanda) kan starte allereie i ettermiddag.

EU har i mange år diskutert innføringa av ei EU-regulering for å unngå uheldig handelspraksis (UTP) i verdikjeda for mat. Rundt 20 medlemsland har allereie innført nasjonal lovgjeving.

Landbrukskommissær Phil Hogan er ein av forkjemparane for ei lov, som han meiner vil styrke bonden sin posisjon i verdikjeda for mat. Bøndene og samvirka i EU har også jobba hardt for å få på plass ei EU-lovgjeving mot uheldig handelspraksis.

Forslaget som no ligg på bordet inneheld m.a regulering av for sein innbetaling frå daglegvarekjedene og einsidig oppheving av avtaler.

Les meir om saka her.