EU-debatten er i gang
Etter 30 år nesten utan debatt synest Landbrukspodden det er på høg tid å snakke om EU. Men sjølv i ei uroleg verd, står Bondelaget støtt i sitt nei til EU.
Den spente situasjonen i verda har gjort at fleire no vil snakke om Noreg si tilknytning til EU. Etter meir enn 30 år sidan folkeavstemminga i 1994, er det mange som ynskjer ein ny EU-debatt velkomen. Ein av desse er Sigrid Heiberg frå Miljøpartiet De Grønne som meiner det no er på tide å få Noreg inn i EU. Men Bondelaget ser likevel ingen gode nok grunnar for EU-medlemskap.
-Klima og miljø avgjer
MDG-politikar Sigrid Heiberg var frå ung alder aktiv i Nei til EU, men med den geopolitiske situasjonen og og eit svekka NATO, har fått ho til å skifte side.
-Det er ikkje berre den urolege verdssituasjonen, men også klima- og miljøkrisa som gjer at eg har skifta meining. Sjølv om eg framleis er skeptisk til mykje av den økonomiske politikken til EU, meiner eg likevel at vi er best tent med å vere med, seier Heiberg.
Ho meiner også at det er mogeleg å føre ein god landbrukspolitikkog auke sjølvforsyninga innanfor rammene til EU.
-Vi må ikkje bli med
Seniorrådgjevar i Norges Bondelag, Hildegunn Gjengedal, meiner EU ikkje er løysinga på dei utfordringane Noreg står overfor og meiner det vil bli umogeleg å føre ein sjølvstendig landbrukspolitikk annanfor EU. Ho vil ikkje vere med på at vi nå nærmast må bli med i unionen.
- Det blir fort snakk om å ha eit godt forhold til våre naboland, men vi har det jo allereie i dag både i Norden og til EU. Konfliktar må ein tole også som naboar, vi kan ikkje unngå konflikt for einkvar pris, og vi kan ha eit tett og godt samarbeid utan å vere medlemmer. Vi må halde hovudet kaldt og ikkje la oss «skremme inn» av Trump. seier Gjengedal.
Når det gjeld sjølve landbrukspolitikken er ho ikkje i tvil om at det er riktig å seie nei.
-Både importvernet og jordbruksoppgjeret er grunnpilarar som er heilt nødvendig dersom vi skal ha eit jordbruk i heile landet, seier ho, og løfter fram desse grunnane for at landbruket må seie nei til norsk EU-medlemskap:
-
- Importvern til marknaden som vi importerer rundt 65% av landbruksvarene frå vil falle bort frå dag ein. Norske bønder kan ikkje konkurrere på kostnader og pris og vil måtte importere store mengder konkurrerande produkt. Forbrukaren vil få mindre norske produkt å velje i. Vi kan heller ikkje styre handelsavtaler og WTO-arbeidet sjølv, men må gå inn i handelsavtaler Kommisjonen framforhandlar og ta med omsynet til andre lands evt eksportinteresser på landbruk eller europeisk bilindustri. Kina truar no t.d. EU-bøndene med straffetoll pga ein strid om EL-bilar mellom EU og Kina.
- Jordbruksforhandlingane vil bli avvikla, vi kan berre vere med å bestemme nokre nasjonal støtteordningar. Alt anna blir styrt gjennom EUs felles landbrukspolitikk. Der skal det vere lik konkurranse, så det er også begrensa kor mykje støtte vi kan gi nasjonalt. Vi får ikkje den direkte kontakten og påverknaden gjennom jordbruksforhandlingane og oppfølgjing resten av året med skreddarsydde ordningar. Vi kan kommunisere direkte med regjering og storting og slepp gå vegen om Brussel og få ordningar som er tilpassa heile Europa frå Portugal til Finnmark.
- Samvirkestyrt marknadsregulering forsvinn. Vi kan ikkje ha mjølkekvotar og tak på kor stor produksjonen er på enkeltbruk og dermed fordele produksjonen ut over landet. Ingen Tine eller Nortura som har krav om å plukke opp mjølk og kjøt på alle bruk, og få verkemiddel i verktøykassa.
- Vi må ta inn alle direktiv og forordningar fullstendig, ikkje som i dag når vi kan velje å halde enkelte reguleringar utanfor eller ta dei inn delvis, som til dømes avskogingsforordninga