Peter Kendall, foto: NFUDebatten om forholda i verdikjeda for mat har gått høgt i mange år i EU. Nyleg vart nokre av partane i verdikjeda samde om eit frivillig system for å betre samarbeidsklimaet. Men EU-bøndene og -samvirka sin organisasjon, COPA-COGECA, valde å stå utanfor ordninga.

- Frivillig ordning fungerer ikkje

- Erfaringa har vist oss at avtaler om god handelsskikk ikkje fungerer for daglegvare, leverandør og forbrukar utan at det er støtta opp av eit system for iverksetjing og kontroll, seier leiaren for det britiske bondelaget, Peter Kendall, som leiar COPA-COGECAs arbeid på området. Storbritannia har allereie innført ei lovregulering av området.

 

COPA-COGECA ynskjer eit system som kombinerer frivillege ordningar med lovregulering. Det er særleg fordi dei meiner det frivillige systemet ikkje gir sanksjonsmoglegheiter og moglegheit for klagar til å vere anonym.

Ventar på Kommisjonen

EU-kommisjonen har enno ikkje ynskja å lovregulere området. I januar kom Kommisjonen med ei grønbok (NOU) om urettferdige forhold i verdikjeda. Der slår dei mellom anna fast at det fins ein frytkultur, og at klagaran har eit behov for å vere anonyme. Grønboka har vore på høyring, og det er venta at Kommisjonen i løpet av dei neste månadene vil bestemme seg for om dei vil foreslå regulering eller ikkje. COPA-COGECA håpar dei vil foreslå bindande lovregulering. I fleire av medlemslanda har ein allereie innført lovregulering på området, etter å ha sett at frivillige sjølvregulerande ordningar ikkje har fungert.

 

Om nokre veker reiser representantar frå Noreg til Brussel for å orientere om det norske lovforslaget om Lov om god handelsskikk som vart lagt fram i vår. Forslaget har vakt stor interesse.