Engasjert debatt på Dyrsku'n

Landbruksminister Sylvi Listhaug ville ikkje svare verken ja eller nei på det spørsmålet, men sa det ho tidlegare har sagt, at målet hennes er å auke den norske matproduksjonen.

Importvern dagens tema

Importvernet vart det store temaet i dagens debatt, der Listhaug møtte Lars Petter Bartnes frå Norges Bondelag, Ola Hedstein frå Norsk Landbrukssamvirke, Kato Nykvist frå Nationen, Merete Furuberg i Norges Bonde- og Småbrukarlag, Terje Lien Aasland frå Arbeidarpartiet, Ingunn Foss frå Høgre og Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet.

Steile frontar

- Det er dei største bøndene som vil bli ramma om regjeringa endrar importvernet, sa tidlegare landbruksminister og leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum.

- De har eit mål om å fjerne importvernet. Det øydelegg norsk matproduksjon, sa Terje Lie Aasland frå Arbeidarpartiet.

- Importvernet er ein føresetnad for mangfaldet i norsk landbruk. Listhaug seier at ho vil produsere meir mat i Noreg, men samtidig seier ho at ho vil oppheve importvernet. Det blir som å slå bonden i hovudet, sa Lars Petter Bartnes.

Sylvi Listhaug hevda på si side at importen hadde auka med 10 prosent under den raud-grøne-regjeringa, men kom med ein lovnad til næringa. – Vi skal gjere tilpassingar med importvernet som ikkje sparkar beina under bonden, sa landbruksministeren.

Det vart ikkje berre politikk for leiaren i Norges Bondelag og statsråden på Dyrsku’n i dag. Etter endt debatt møttest dei i eit meir uformelt forum, ein potetskrellekonkurranse. Sylvi Listhaug gjekk seirande ut av den.

Prisdebatten kom opp

Landbruksministeren kom også inn på prisdebatten ho har starta i sommar.

- Eg meiner at bonden tjener for dårleg, og at det er nokon andre ledd som tjener for godt, sa Listhaug og oppmoda Norges Bondelag til å stå på lag med henne i kampen mot høge matvarepriser.

- Vi arbeider kvar dag med å produsere kvalitetsmat til alle. Det er ikkje berre billig billig som gjeld når vi snakkar om mat. Matvarekjedene driv sin business, mens vi jobbar for at bonden skal få best mogleg pris på råvarene sine. Eit prispress kan truge inntekta vår, svarte Lars Petter Bartnes.

Etter at debatten var over på scenen på Dyrsku-plassen, heldt ordskiftet fram mellom to tidlegare landbruksministrar og den sitjande ministeren. Terje Riis-Johansen, Sylvi Listhaug og Trygve Slagsvold Vedum.