Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, foto: Marthe Haugdal. Importen av landbruksvarer er femdobla sidan EØS-avtala vart inngått, og mat og veterinærsaker utgjorde i 2011 nesten 40% av rettsaktene Noreg tok inn.

 Etter to års arbeid la det regjeringsoppnemnde utvalet leia av jurist Francis Sejersted fram sin NOU: ”Utenfor og innenfor” på over 900 sider. NOU-en tek for seg Noreg sine avtaler med EU. Rundt 20 sider er via landbruk og mat. Der blir det slått fast at landbruket blir påverka av EØS-avtala både gjennom artikkel 19 (handel med landbruksvarer) og protokoll 3 (handel med bearbeidde varer), Veterinæravtala, regulering av tekniske standardar og arbeidsinnvandring.

 - Eg er overraska over at det er så mykje av regelverket som gjeld mat og veterinære saker. Det blir vanskelegare for oss i næringa å påverke lovutforminga når det skal gå via Brussel, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

 NOU-en slår fast at landbruksvareimporten er femdobla sidan EØS-avtala vart inngått. Ostekvota frå EU er no oppe i 7200 tonn etter at dei siste forhandlingane om artikkel 19 i EØS-avtala vart gjeldande frå nyttår. I tillegg kjem kvotar og tollette på mellom anna kjøt, frukt og grønsaker. Landbruksvareimporten frå EU er no oppe i nesten 24 milliardar kroner i året, medan vi berre eksporterer til EU for vel 3 milliardar kroner. Forholdstalet mellom EU og Noreg har gått frå å vere 1 til 4 i 1995 til å bli 1 til 7 i EUs favør i 2010.

 - Det har blitt ein voldsom ubalanse i handelen med EU, sjølv om det i artikkel 19 i EØS-avtala står at innrømmingane skal vere på gjensidig fordelaktig basis. Den store importen legg eit veldig press på norske bønder, seier Bjørke.

 Dei siste 10 åra har til dømes har den norske mjølkeproduksjonen gått ned med 3%, samtidig med at folkeauken har vore 9,5%. Importvolumet på meieriprodukt har auka frå rundt 6000 tonn til knappe 23 000 tonn i same periode.

 NOU-en er no overrekt til utanriksminister Støre for vidare handsaming. Prosjektet Alternativer til EØS, der Norges Bondelag også deltek, kjem med sin rapport 1.mars.

Meir om Europautredningen 

 Norges Bondelags innspel til Europautredningen (pdf)

Bondelagets temaside internasjonalt arbeid